Thursday, October 24, 2013

Rødts revolusjonære sjel

Gjesteblogger: Brigt Kristensen:        



Nederlaget for dei rød-grøne i valet, SVs vedvarande tilbakegang i regjeringsposisjon og Rødts veike valresultat har skapt tilløp til ein grunnlagsdebatt i og utafor Rødt. Det er bra, og debatten bør handle om meir enn pedagogikk.
Ka er Rødt sine sterke sider, som gjør at Rødt nokså mange stader i Norge har ei stabil oppslutning i lokalval godt over sperregrensa på fire prosent? I Nordland og Troms, som gjorde det spesielt bra i valet for to år sia, fikk Rødt mellom 4,1 og 9,3 prosent av stemmane i 11 av dei 14 kommunane der partiet stilte liste. Når SV no er i opposisjon i rikspolitikken og med politiske standpunkt som vil likne Rødt-politikk, blir det enda viktigare å finne ut av ka som er kvalitetar å bygge vidare på. Ja, eit par år med Høgre-regjering er gjerne nok til at illusjonane også om Ap blomstrar. Folks hukommelse er ofte kort!. Alt rett etter valet kunngjorde Rødt-veteranen Johan Ditlev-Martens i Klassekampen overgang til SV fordi SV i opposisjon i hans auge ikkje kjem til å skille seg nemneverdig frå Rødt, mens Arild Rønsen tok til orde for å slå i hop dei to partia.
Ka er så Rødts styrke framfor for eksempel SV? Ka er haldbar grunngiving for to parti? Er Rødt-folk dyktigare, snillare eller meir kompromisslause menneske enn SV-folk? Neppe. Min påstand er at dei ulikheitane vi kan observere mellom dei to partia sin praksis, som er til Rødt sin fordel, er avleidd av at SV er eit reformistisk sosialistisk parti , mens Rødt ein stad der inne enno har ei revolusjonær sjel.
For å framsnakke SV sin regjeringsstrategi har SV-leiarar uttalt at ”SV har oppnådd meir i 8 år i regjering enn i alle år partiet har eksistert til saman.” Det fikk SV-veteranen Stein Ørnhøi til syrlig å bemerke at siger i to omgangar, i –72 og –94, i å halde Norge utafor EU altså ikkje var stort å snakke om? I staden for å søke makt i regjering for ein kvar pris, etterlyser Ørnhøi motmakt til dei faktiske makthavarane.

Skjønnmalinga av regjeringsposisjonen og nedvurderinga av arbeidet i opposisjon og det utanom-parlamentariske arbeidet, som Ørhøi tar opp, kjem av eit naivt syn på kor makta ligg i eit kapitalistisk klassesamfunn: Det er kanskje elementært i Rødt, men likevel: I det reformistiske synet er Storting og regjering eit direkte uttrykk for folkeviljen og demokratiet. Derfor er det ei plikt å søke makt i dette systemet. Men historia, ikkje berre dei siste åtte åra med rød-grøn regjering, viser at klassemakta også dikterer fra kommandohøgdene i bank-og finansvesenet, og styreromma i storkonserna. Makta bak makta, klassediktaturet bak det politiske demokratiet. Imperialistiske interesser sikrar seg gjennom Nato og EØS. ”Makt” på desse premissane blir derfor ofte avmakt. Eller enda verre: I staden for folkets motmakt blir det makt mot folket.

”Ikke til salgs”, stod det på løpesedlane våre no i valkampen. Igjen: Korfor kan vi skilte med det? Er Rødt av ein høgare moralsk orden? Rødt-folk gjør mange stader ein strålande innsats for å ivareta folks interesser som folkevalte og tillitsvalte i interesseorganisasjonar. Sjølsagt speller personlige eigenskapar ein rolle. Men politisk heng våre sterke sider i hop med ein tradisjon av marxistisk maktanalyse, som gjør at vi ikkje så lett lar oss kjøpe eller falle til fote for makta. Og når mange i Rødt legg mykje krefter i årelangt freds- og solidaritetsarbeid, kjem det neppe berre av medkjensle og evne til empati. Engasjementet er nødvendig fordi det har feste i ein grunnforståelse av ka som må til for å avskaffe krig, nød og undertrykking. Denne grunnforståelsen er revolusjonært sosialistisk. Og sjukehusaktivistar frå Rødt landet rundt har i ryggmargen at berre kamp gir siger, massemobilisering må til. Rødt er ikkje lobbyistane og First House sitt førsteval.

Spørsmålet er: Korleis skal vi styrke Rødts revolusjonære sjel, korleis skal vi jobbe ut frå revolusjonære prinsipp og korleis skal vi styrke marxistisk analyse og skolering av nye og gamle medlemmer? Ikkje at det er det mest sannsynlige: Men om vi tenker oss at sterke sosiale konfliktar i åra framover skulle gi Rødt sterk vekst, er det min spådom at Rødts revolusjonære sjel pr dag dato neppe er sterk nok til å hindre at Rødt går i SV-fella.
Ministersosialisme eller revolusjonær strategi

For meg er det interessant at begrepet ministersosialisme er gjenoppstått i debatten. Det gjør han til del av ein meir enn 100 år gammal, klassisk strid i arbeidarrørsla, skillet mellom revolusjonære og reformistar.

I trong meining var ministersosialistane villig til å gå i koalisjon med ikkje-sosialistiske parti i regjering for å administrere det borgarlige samfunnet. I min språkbruk er den minister-sosialistiske strategien også å satse på at stadig større oppslutning i val til slutt vil gi regjeringsmakt, og dermed makt til å omdanne samfunnet og innføre sosialismen frå toppen. Etter som Ap ikkje på mange år har hatt sosialisme som mål, kan vi vel slå fast at SVs strategi er ministersosialisme også i den første betydninga. Spørsmålet er om Rødt er konsolidert på at også den andre ”varianten” i sitt vesen er av same type - og like fjern frå verkeligheita..

Strategi og organisering må tene målet. Og målet må vere
  • å avkaffe kapitalismen og systemet med at eit mindretal lever feitt på andres arbeid
  • å avskaffe imperialismen, som er kapitalisme globalt, dominert av fleirnasjonale konsern i kappestrid om ressursar og marknader, med utarming og stadig nye krigar som resultat.
  • avskaffe profittsystemet som drivkraft for utvikling, fordi det truer jordas tåleevne – og tenderer til å redusere mellommenneskelige forhold til kjøp og sal.

Og så erstatte dette med eit fellesskapssamfunn, der ressursar, produksjon og velferd er ansvaret til fellesskapet gjennom eit utstrakt og desentralisert folkestyre. Noen har kalt første fase sosialisme og andre fase kommunisme i ei sånn utvikling, Marx snakka om kommunismens to fasar.

Rødt kallar seg eit revolusjonært, sosialistisk parti. Ka betår det revolusjonære i ?

Eit kvalitativ anna samfunn enn dagens er målet, det er vel revolusjonært? Ja, det og!

Men skillet mellom reformistar og revolusjonære f.eks på 20-talet i Norge, gikk ikkje først og fremst der. Til og med da det var tre sosialistiske parti hadde alle – også høgresosialistane i Norges sosialdemokratiske parti – sosialisering av produksjonsmidla på programmet. Reformistar og revolusjonære hadde langt på veg same mål. Skillet gikk på analyse, strategi og arbeidsmåte.
Reformistane meinte som nemnt at ei gradvis utvikling med reformar vedtatt av stortinget skulle gi makta også over det økonomiske livet til arbeidarklasssen og folket. Synet til den revolusjonære retninga derimot var at berre massemobilisering, særlig på dei store arbeidsplassane kunne gi ein maktbase for å gripe samfunnsmakta direkte, eller iallfall hindre at overklassen, borgarskapet saboterte ein valsiger for arbeidarrørsla. Seinare gikk Ap over til det reformistiske standpunktet med gradvise reformar – for så etter 2. verdskrigen å lande på regulert kapitalisme og Nato-politikk som sitt grunnlag. Under Stoltenbergs første regjering var partiet spydspiss for nyliberalisme og privatisering, Vi kan kalle det sosialdemokratiets fjerde fase.
SF og SV starta som reformistiske sosialistar, og sneia på 70-talet innom eit revolusjonært standpunkt. Under Solheim og Halvorsen på 90-talet blei sosialismen i realiteten avskaffa, målet blei kapitalisme med eit menneskelig ansikt. Alt før regjeringsposisjonen kom støtte til Nato-krigane i Jugoslavia og Afghanistan, i regjering bombinga i Libya med den nye venstrefløy-toppen Lysbakken entusiastisk på laget.
Altså er det blitt svært så romslig politisk til venstre for SV. Det må Rødt lære å utnytte, men uten å følge med i Ap og SVs glideflukt mot høgre. Rødt må ”ta rommet”, men uten å flytte seg til høgre i rommet. Får Rødts stor oppslutning med SVs og Aps maktstrategi i bagasjen, er det min påstand at partiet vil få ein tilsvarande utviklingsbane. Det er systemnødvendig, og ikkje eit spørsmål om moral.
I ein realistisk sosialistisk strategi er massemobilisering og utvikling av maktorgan nedafrå nøkkelen, av minst fire grunnar:
  1. For å beslaglegge kapital fysisk og begrense økonomisk sabotasje frå økonomiske maktsentra mot ei folkevalt, sosialistisk regjering.
  2. For å sette demokratisk bestemt politikk ut i livet der delar av statsapparatet vil sabotere.
  3. For å hindre militærkupp.
  4. Og ikkje minst: Fordi berre sosialisme skapt nedafrå kan bli levedyktig. Det viser erfaringane både frå forsøk med kommunistisk statsssosialisme og sosialdemokratisk statssosialisme meir enn tydelig. Både av parti før oss i den kommunistiske Komintern-tradisjonen og sosialdemokratiske parti har Rødt mykje å lære, men som strategiske alternativ har begge retningane utspelt sin rolle.
Betyr dette at det er tull å arbeide for reformar under kapitalismen? Sjølsagt ikkje. Rosa Luxemburg kalte reformane revolusjonens biprodukt. ”Vi vil ikkje ha ein større bit av kaka, vi vil ha heile det fordømte bakeriet”, stod det flott og revolusjonært på eit jakkemerke i punketida først på 80-talet. Men dei som vil ha heile bakeriet, er ofte godt skodd også for å kjempe for ein større bit av kaka for folket.

Parti og strategi
Ka betyr denne analysen for vår praksis i dag?

Det betyr for det første at partiet må jobbe i - og i tett samarbeid med – dei store folkebevegelsane, fagbevegelsen, kvinnebebegelsen, miljøbevegelsen, freds-og solidaritetsbevegelsen, den anti-rasistiske bevegelsen. Partiets tyngdepunkt må ligge i det utanom-parlamentariske arbeidet.

For det andre må vi utvikle systemkritikken og heilheitlige alternativ til dagens politikk, visjonen av eit nytt samfunn, studiearbeidet, skoleringa i Rødt.

I mitt indre bilde av partiet sin rolle er det to aksar, eller kanskje heller ein sirkel rundt der vi står i dag, og ei pil framover.

Sirkelen betyr at partiet må arbeide for å smi breiast mulig alliansar mellom grupper som kan ha felles interesser mot kapitalkreftene i dagskampen. Behovet for å få fagbevegelsen og miljøbevegelsen til å dra i same retning seier seg sjøl. Arbeidet damene i Akp frå 80-talet, no i Rødt har gjort i ”Kvinner på tvers” for å samle kvinnedominerte fagorganisasjonar og kvinneorganisasjonar, er eit forbilde. ”Foren folket - splitt fienden” er ein strategisk og taktisk formular eg kan like! (På vårt verste kan det verke som vi agerer etter devisen ”Splitt folket – foren fienden”, det er ei anna sak..)

Pila betyr at partiet må arbeide for å knytte kampen i dag til det langsiktige målet – eit sosialistisk og etter kvart klasselaust samfunn.

Å knytte kampen i dag til det langsiktige målet betyr f.eks å kjempe for reformar som tar samfunnsområde ut av marknadsmakta, for eksempel bustadpolitikken, som Bjørnar Moxnes skreiv om i Klassekampen nylig. Kollektivtrafikk, jordvern, gjenerobre fiskeriallmenningen (!), forsvar for allemannsretten og strandsonen er andre felt der den strategiske betydninga er openberr. Det same er sjølsagt forsvaret for offentlige velferdsordningar og kulturtilbod som gratis bibliotek.
For å fungere langs begge aksane er allsidigheit eit prinsipp å etterstreve. Partiet må forene økonomisk, politisk og teoretisk kamp. Kamp gjennom fagbevegelsen og i tariffoppgjør for lønns- og arbeidsvilkår er økonomisk kamp. Velferd, miljø, asyl – og innvandring, avsløring av overvåking, korrupsjon og overgrep mot demokratiske rettar er politiske kampfelt. Systemkritikk og kamp om samfunnsforståelsen er teoretisk kamp. Når Moxnes og Eifring rett etter valet argumenterer for SV og Rødt som to nisjeparti, med kvar sin nisje, der Rødt skal skifte sosial basis vekk frå dagens, da skyt dei etter mitt syn totalt bom ut frå alt eg no har sagt. Det er sjølsagt ikkje til hinder for å styrke Rødts politikk for arbeidslivet, og rekruttere spesielt blant unge, opprørske arbeidarar. Tvert om
Og ikkje minst: Rødt må stadig utvikle ei av våre sterke sider, evna til å knyte i hop parlamentarisk og utanom-parlamentarisk arbeid. Det er Rødts varemerke, krumtappen i vår revolusjonære sjel. (Av mangel på bedre metafor) Om ein enkelt faktor skal trekkes fram for å forklare Rødts relative suksess i nord, trur eg vi finn han i samspellet mellom parlamentarisk og utanom-parlamentarisk. Men om om denne evna enno sit i den revolusjonære ryggmargen til noen, er han uansett trua av beinskjørheit, om noen år kanskje av ungdomssløvsinn - og må ha konstant tilførsel av vitaminar.

Parlamentarisk arbeid med revolusjonært tilsnitt


Så skal eg slå eit slag for verdien av parlamentarisk arbeid, helst revolusjonært parlamentarisk arbeid – altså arbeid i kommunestyra, fylkesting og storting. Her er vi til ein viss forstand på motpartens arena, i ”maktas korridorar”, samtidig som vi representerer ambisjonen om folkevalt styring mot alle krefter som vil begrense den graden av demokrati som blei kjempa gjennom mot høgrekreftene fram til allmenn stemmerett i 2013.

Mitt første poeng er at plass i folkevalte forsamlingar i dagens Norge er eit vilkår for å bli tatt alvorlig som politisk parti. Bruken av talarstolen som folketribun, medias, riktig nok skiftande, interesse gir er likevel i større grad enn andre felt ein arena for å fram Rødt som heilskaplig politisk alternativ.

For det andre opnar plass i kommunestyre og fylkesting for utstrakt grad av kontakt med folk, for å jobbe etter masselinja som det heitte før, for kontakt med enkeltpersonar og fagorganisasjonar og interesseorganisasjonar som Handikapforbundet eller organisasjonar for pårørande som LPP og NFU. Vi blir kontakta og det er naturlig også at andre blir kontakta av oss. Noen set utrulig pris på det siste, Og vi kan bidra til å bygge alliansar mellom ulike folkelige krefter.

For det tredje kan vi få tak i kunnskap, av og til avsløre sensitive saker som vi kan dele med berørte eller få ut i offentligheita. Det kan forbedre saksbehandlingsreglar, graden av demokrati i offentlig forvaltning og legge litt band på mektige særinteresser. Og som biprodukt kan vi sjøl lære ein masse, til og med om kommunen vi bur i, faktisk også av baktalte utgreiingar og saksframlegg.

Og for det fjerde kan vi faktisk på denne måten bidra til politiske vedtak, som er viktige for dei det gjeld. Kanskje ikkje så veldig revolusjonært? Uenig!
Alt dette handlar om å bygge tillit. Og tillit er eit strategisk forhold.

I vår historie i Nordland er det neppe tilfeldig at der Rødts sin forgjengar RV ikkje kom inn i kommunestyret, eller ga opp denne bastionen, så forvitra etter kvart også det øvrige politiske arbeidet. Narvik og Fauske viser at gjnnombrott i val kan opne for å gjenreise det, kanskje på eit nytt nivå.

Av Rødts revolusjonære standpunkt følger altså at vi i vårt parlamentariske arbeid etter evne må:
  • halde tett kontakt med dei som er berørt av politisk vedtak, om mulig stimulere lokal motstand.
  • bryte pålagte spellereglar, og dele informasjon som f.eks administrasjonen vil halde skjult for dei som er berørt når dette er viktig
  • stille alternativ forståelse opp mot den ”offisielle”, når det gjeld f eks ”rammelogikken” som på falskt grunnlag vil innbille offentligheit og ansatte at kommuneøkonomien er å samanlikne med din huashaldsøkonomi. For å skjule at den kommunale firkanten berre er ein bit av ein søkkfull statssekk, og at kamp mot usosiale kutt også er ein del av kampen om fordelinga i samfunnet mellom offentlig fattigdom og privat velstand. Ansvar nedover og ikkje oppover er Rødts utgangspunkt.
  • Ikkje lar oss begrense i det vi tar opp, men også reiser f eks internasjonale spørsmål
Måten Rødts to i fylkestinget i Nordland har jobba med spesialpedagogisk senter og hurtigbåtrutene på i fylkestinget er eit fint eksempel på Rødts arbeidsstil i parlametarisk arbeid. Her blei tett kontakt med dei berørte kombinert med evne til å sette grense for parlamentarisk støtte til den ”rød-gule” fylkesregjeringa
For meg har arbeidet mot kommunens nasking frå eldremilliarden i 90/91, mot Nato-jubileet og bombinga i Jugoslavia i –99 og kampen mot privatisering i Saltstraumen i 06/08 vore tre høgdepunkt parlamentarisk arbeid i skjeringspunktet mot det utanom-parlamentariske. Alle tre med islett av rikspolitisk betydning.
Kampen om eldremilliarden handla om ”rammeforståelsen”, hadde innslag av avløring av det fordekte, skapte engasjement i pensjonistforeningane – og ga 8,8 millionar årlig i rammeauke i eldreomsorgen. Trulig var denne saka viktigare enn Glasshuset for at RV auka frå ein til fire ved kommunevalet i –91.

Feiringa av Nato-jubileet i Bodø i –99 lyktes det å redusere, til sterk gremmelse for høgreordføraren. RV-initiativ i kommunestyret ga grunnlag for RV-initiativ for å danne Bodø-nettverk mot krig, som seinare blei til Fredsbevegelsen i Bodø med omfattande aktivitet mot krigane i Irak og Afghanistan, i den siste saka også med riksdekkande opprop for å hente noerske bombefly heim.

Initiativet for å stoppe vedtatte utbyggingssaker i Saltstraumen kom til RV utafrå. Men uten plass i kommunestyret hadde vi ikkje kunne utnytte feil i saksbehandlinga til å få saka opp på nytt, og det ville ikkje ha vore mulig gjennom omfattande mobilisering å få stoppa utbygginga både i Ripnes på innsida og Knaplundsbukta på utsida av Saltstraumen. Og vi kunne avdekke ulovlig godkjent reguleringsplan først i Ripnes og så ulovlig utbygging av Løpshavn. Som førte til skandalesakene om Austre skolepark og Nav-bygget i Bodø sentrum.
Som vi ser, kan initiativ i kommunestyret like gjerne slå ut i bevegelse utafor som omvendt.
I Rødt på landsbasis er sikkert den grunnleggande forståelsen for det utanom-parlamentariske arbeidets forrang for liten i delar av partiet. Alt for mange lag er eit vedheng til kommunestyregruppa, er eg redd. På mindre plassar med liten kapasitet, er det vanskelig å unngå. Likevel er allsidig arbeid viktig å streve etter. Og vi har veldig mykje positiv lærdom å bygge på når det gjeld å arbeide sånn at arbeidet i kommunestyret og fylkestinget og arbeidet utafor gjensidig kan styrke kvarandre.
Her er det viktig å understreke:

For det første betyr sjølsagt ikkje oppfatninga av at utanom-parlamentarisk arbeid må vere det viktigaste for eit revolusjonært parti, at for eksempel den som er tillitsvalt i ei fagforening dermed har ei viktigare oppgåve enn ho som sit i kommunestyret. Og det betyr like lite at det Rødt-medlemmet som brukar mykje tid på solidaritetsarbeid gjør mindreverdig arbeid jamført med andre. Utfordringa for Rødt som parti er både å sjå kvar enkelt sin innsats, og å utvikle miljø og former for oppfølging av dei ulike kampfelta, samtidig som evna til sjølstendig jobbing blir ivaretatt.

For det andre: Nedprioritering av arbeid i kommunestyre, og stortinget, eller i å utvikle ein praksis for å få plass der, kan også uttrykke oppvurdering av sektorkamp framfor politisk kamp og synliggjøring av partiet som heilskaplig alternativ. Det skjer lett under dekke av å prioritere utanom-parlamentarisk kamp, men er ikkje særlig ”venstre”. Sett frå nord for Polarsirkelen, har det ofte forbausa meg at etablerte Rødt-miljø i store kommunar og mellomstore byar på Austlandet ikkje slår gjennom i lokalpolitikken. Kan det ha å gjøre med denne tankegangen ?

Men i mitt hau er altså det parlamentariske arbeidet meir ein reidskap for å styrke det utanom-parlamentariske enn omvendt.

Generelt må Rødt ha fornuftig arbeidsdeling, dersom vi også skal utvikle for eksempel faglig arbeid, kvinnearbeid, miljøarbeid, solidaritetsarbeidet over heile landet.
Kommunestyregruppa må på si side ha ei open dør for innspell og forslag. Lagsleiar og gruppeleiar må avtale ka for viktige spørsmål som skal avgjøres på lagsmøta. Det er partiet som skal bestemme politikken. Gruppa må av same grunn vere representert i styret. Og gruppa bør rapportere jamt til medlemmene, uten å dynge folk ned med informasjon.

Altså fornuftig arbeidsdeling igjen.

Konklusjon


Etter mitt syn er det viktigare for Rødt å forstå og bygge på våre sterke sider og det vi faktisk har fått til enn å fortvile over det vi ikkje har fått til. Og heller utvikle oss ut frå vårt særpreg enn å risikere og tape fotfeste i jakta på modernisering og ein meir lekker fasade.

I dette innlegget er begrepet ”revolusjonær” eit nøkkelord. Det betyr ikkje at eg trur løysinga for Rødt er å slå om seg med revolusjonære slagord. Viktigare enn å rope revolusjon er det gjøre det – og at revolusjonær forståelse gjennomsyrer partiet sin teori og praksis. Men også formuleringar i program må sjølsagt vere forståelige og truverdige – og skape det riktige grunnlaget for ein radikalt annan praksis enn dei partia som står på det beståande samfunns grunn.

Vår makt- og samfunnsforståelse vil sjølsagt utfordre den hegemoniske makta sin demokratiforståelse, og det vil bli brukt mot oss. Ikkje minst frå den høgresida som kjempa med nebb og klør mot alle demokratiske refomar på 18-og 1900-talet, som parlamentarisme og allmenn stemmerett for begge kjønn og alle klassar, som dei kalte ”pøbelvelde” – direkte omsett altså folkestyre. Rødt må forsvare alle demokratiske landevinningar, samtidig som vi set ein djupare demokratiforståelse opp mot den allment aksepterte. Her kan Rødt søke støtte ikkje berre i marxistismen, men også i retningar som radikal-demokratane på 1880-talet rundt Fedraheimen (Arne Garborg) og kanskje i republikkanismen (Hannah Arendt).

Brigt Kristensen
Medlem av Rødt Bodø
 

Friday, October 18, 2013

Venstre miljøforkjempere?

Venstres Abid Raja, Erik Lundeby og Anne Berit Smørås  innkasserer i Amta 16. oktober “den første grønne seieren” ved at partiet har hjulpet Frp og Høyre inn i regjering.

Ja, det er bra at den nye regjeringen i likhet med den foregående utsetter spørsmålet om oljevirksomhet utenfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Men hører det også med til Venstres seier at Norge de kommende fire år skal “Holde et forutsigbart og høyt tempo når det gjelder å tildele nye områder for petroleumsaktivitet, både når det gjelder konsesjonsrunder og TFO (Tildeling i forhåndsdefinerte områder) i andre havområder?
Vi trodde Venstre var opptatt av klimautslippene ved utvinning og deretter forbrenning av fossil energi, som regjeringen vil bidra med mer av til verden.

Ja, det er bra at regjeringen ifølge Raja skal gjennomføre “et stort kollektivløft i storbyregionene…slik at flere vil velge kollektivt.” Hører det også med til Venstres seier at Frp’erne Ketil Solvik-Olsen og Bård Hoksrud lover at det skal lukte ny asfalt over hele landet? Raja glemmer å nevne at omfattende veiutbygging også vil fremme bilens konkurranseevne som framkomstmiddel.
Ja, det er bra at naturmangfoldloven skal ligge fast. Men hvorfor glemmer Raja å nevne at det inkludert i Venstres seier ligger at praksisen skal gjennomgås?
Betrakter Venstre det også som en seier at regjeringserklæringen slår fast at inngrepsfrie naturområder, INON, skal bort som verktøy?
Ser Venstre det også som en seier å få en miljøvernminister (Høyres Tine Sundtoft) som sitter i styringsgruppa for oljenæringa på Sørlandet?

Et annet tema som opptar folk i Frogn og Nesodden, er landbruk og matjord. Nå vil jo Venstre liberalisere matproduksjonen i Norge. Men støtter dere også at vernet av matjord skal svekkes?
I regjeringserklæringen er det slått fast at man skal ta vare på god matjord, men “balansere jordvernet mot storsamfunnets behov.”
Ja, hvor sterke er ikke “storsamfunnets behov” her i Oslos nærområder.
Vi ser fram til å se i praksis hvordan Venstres tro på Høyre og Frp i miljø- og landbrukspolitikken vil slå ut i åra som kommer.

Geir Christensen
Rødt