Gjesteblogger: Brigt Kristensen:
Nederlaget for dei rød-grøne i valet,
SVs vedvarande tilbakegang i regjeringsposisjon og Rødts veike
valresultat har skapt tilløp til ein grunnlagsdebatt i og utafor
Rødt. Det er bra, og debatten bør handle om meir enn pedagogikk.
Ka er Rødt sine
sterke sider, som gjør at Rødt nokså mange stader i Norge har ei
stabil oppslutning i lokalval godt over sperregrensa på fire
prosent? I Nordland og Troms, som gjorde det spesielt bra i valet for
to år sia, fikk Rødt mellom 4,1 og 9,3 prosent av stemmane i 11 av
dei 14 kommunane der partiet stilte liste. Når SV no er i opposisjon
i rikspolitikken og med politiske standpunkt som vil likne
Rødt-politikk, blir det enda viktigare å finne ut av ka som er
kvalitetar å bygge vidare på. Ja, eit par år med Høgre-regjering
er gjerne nok til at illusjonane også om Ap blomstrar. Folks
hukommelse er ofte kort!. Alt rett etter valet kunngjorde
Rødt-veteranen Johan Ditlev-Martens i Klassekampen overgang til SV
fordi SV i opposisjon i hans auge ikkje kjem til å skille seg
nemneverdig frå Rødt, mens Arild Rønsen tok til orde for å slå i
hop dei to partia.
Ka er så Rødts
styrke framfor for eksempel SV? Ka er haldbar grunngiving for to
parti? Er Rødt-folk dyktigare, snillare eller meir kompromisslause
menneske enn SV-folk? Neppe. Min påstand er at dei ulikheitane vi
kan observere mellom dei to partia sin praksis, som er til Rødt sin
fordel, er avleidd av at SV er eit reformistisk sosialistisk parti ,
mens Rødt ein stad der inne enno har ei revolusjonær sjel.
For å framsnakke SV sin
regjeringsstrategi har SV-leiarar uttalt at ”SV har oppnådd meir i
8 år i regjering enn i alle år partiet har eksistert til saman.”
Det fikk SV-veteranen Stein Ørnhøi til syrlig å bemerke at siger i
to omgangar, i –72 og –94, i å halde Norge utafor EU altså
ikkje var stort å snakke om? I staden for å søke makt i
regjering for ein kvar pris, etterlyser Ørnhøi motmakt til
dei faktiske makthavarane.
Skjønnmalinga av regjeringsposisjonen
og nedvurderinga av arbeidet i opposisjon og det
utanom-parlamentariske arbeidet, som Ørhøi tar opp, kjem av eit
naivt syn på kor makta ligg i eit kapitalistisk klassesamfunn: Det
er kanskje elementært i Rødt, men likevel: I det reformistiske
synet er Storting og regjering eit direkte uttrykk for folkeviljen og
demokratiet. Derfor er det ei plikt å søke makt i dette
systemet. Men historia, ikkje berre dei siste åtte åra med rød-grøn
regjering, viser at klassemakta også dikterer fra kommandohøgdene i
bank-og finansvesenet, og styreromma i storkonserna. Makta bak makta,
klassediktaturet bak det politiske demokratiet. Imperialistiske
interesser sikrar seg gjennom Nato og EØS. ”Makt” på desse
premissane blir derfor ofte avmakt. Eller enda verre: I staden for
folkets motmakt blir det makt mot folket.
”Ikke til salgs”, stod det på
løpesedlane våre no i valkampen. Igjen: Korfor kan vi skilte med
det? Er Rødt av ein høgare moralsk orden? Rødt-folk gjør mange
stader ein strålande innsats for å ivareta folks interesser som
folkevalte og tillitsvalte i interesseorganisasjonar. Sjølsagt
speller personlige eigenskapar ein rolle. Men politisk heng våre
sterke sider i hop med ein tradisjon av marxistisk maktanalyse, som
gjør at vi ikkje så lett lar oss kjøpe eller falle til fote for
makta. Og når mange i Rødt legg mykje krefter i årelangt freds- og
solidaritetsarbeid, kjem det neppe berre av medkjensle og evne til
empati. Engasjementet er nødvendig fordi det har feste i ein
grunnforståelse av ka som må til for å avskaffe krig, nød og
undertrykking. Denne grunnforståelsen er revolusjonært
sosialistisk. Og sjukehusaktivistar frå Rødt landet rundt har i
ryggmargen at berre kamp gir siger, massemobilisering må til. Rødt
er ikkje lobbyistane og First House sitt førsteval.
Spørsmålet er: Korleis skal vi
styrke Rødts revolusjonære sjel, korleis skal vi jobbe ut frå
revolusjonære prinsipp og korleis skal vi styrke marxistisk analyse
og skolering av nye og gamle medlemmer? Ikkje at det er det mest
sannsynlige: Men om vi tenker oss at sterke sosiale konfliktar i åra
framover skulle gi Rødt sterk vekst, er det min spådom at Rødts
revolusjonære sjel pr dag dato neppe er sterk nok til å hindre at
Rødt går i SV-fella.
Ministersosialisme eller
revolusjonær strategi
For meg er det interessant at begrepet
ministersosialisme er gjenoppstått i debatten. Det gjør han
til del av ein meir enn 100 år gammal, klassisk strid i
arbeidarrørsla, skillet mellom revolusjonære og reformistar.
I trong meining var
ministersosialistane villig til å gå i koalisjon med
ikkje-sosialistiske parti i regjering for å administrere det
borgarlige samfunnet. I min språkbruk er den minister-sosialistiske
strategien også å satse på at stadig større oppslutning i val til
slutt vil gi regjeringsmakt, og dermed makt til å omdanne samfunnet
og innføre sosialismen frå toppen. Etter som Ap ikkje på mange år
har hatt sosialisme som mål, kan vi vel slå fast at SVs strategi
er ministersosialisme også i den første betydninga. Spørsmålet er
om Rødt er konsolidert på at også den andre ”varianten” i sitt
vesen er av same type - og like fjern frå verkeligheita..
Strategi og organisering må tene målet. Og målet må vere
- å avkaffe kapitalismen og systemet med at eit mindretal
lever feitt på andres arbeid
- å avskaffe imperialismen, som er kapitalisme globalt,
dominert av fleirnasjonale konsern i kappestrid om ressursar og
marknader, med utarming og stadig nye krigar som resultat.
- avskaffe profittsystemet som drivkraft for utvikling, fordi
det truer jordas tåleevne – og tenderer til å redusere
mellommenneskelige forhold til kjøp og sal.
Og så erstatte dette med eit
fellesskapssamfunn, der ressursar, produksjon og velferd er ansvaret
til fellesskapet gjennom eit utstrakt og desentralisert folkestyre.
Noen har kalt første fase sosialisme og andre fase kommunisme i ei
sånn utvikling, Marx snakka om kommunismens to fasar.
Rødt kallar seg
eit revolusjonært, sosialistisk parti. Ka betår det revolusjonære
i ?
Eit kvalitativ anna samfunn enn dagens
er målet, det er vel revolusjonært? Ja, det og!
Men skillet mellom reformistar og
revolusjonære f.eks på 20-talet i Norge, gikk ikkje først og
fremst der. Til og med da det var tre sosialistiske parti hadde alle
– også høgresosialistane i Norges sosialdemokratiske parti –
sosialisering av produksjonsmidla på programmet. Reformistar og
revolusjonære hadde langt på veg same mål. Skillet gikk på
analyse, strategi og arbeidsmåte.
Reformistane meinte som nemnt at ei
gradvis utvikling med reformar vedtatt av stortinget skulle gi makta
også over det økonomiske livet til arbeidarklasssen og folket.
Synet til den revolusjonære retninga derimot var at berre
massemobilisering, særlig på dei store arbeidsplassane kunne gi ein
maktbase for å gripe samfunnsmakta direkte, eller iallfall hindre at
overklassen, borgarskapet saboterte ein valsiger for arbeidarrørsla.
Seinare gikk Ap over til det reformistiske standpunktet med gradvise
reformar – for så etter 2. verdskrigen å lande på regulert
kapitalisme og Nato-politikk som sitt grunnlag. Under Stoltenbergs
første regjering var partiet spydspiss for nyliberalisme og
privatisering, Vi kan kalle det sosialdemokratiets fjerde fase.
SF og SV starta
som reformistiske sosialistar, og sneia på 70-talet innom eit
revolusjonært standpunkt. Under Solheim og Halvorsen på 90-talet
blei sosialismen i realiteten avskaffa, målet blei kapitalisme med
eit menneskelig ansikt. Alt før regjeringsposisjonen kom støtte til
Nato-krigane i Jugoslavia og Afghanistan, i regjering bombinga i
Libya med den nye venstrefløy-toppen Lysbakken entusiastisk på
laget.
Altså er det
blitt svært så romslig politisk til venstre for SV. Det må Rødt
lære å utnytte, men uten å følge med i Ap og SVs glideflukt mot
høgre. Rødt må ”ta rommet”, men uten å flytte seg til høgre
i rommet. Får Rødts stor oppslutning med SVs og Aps maktstrategi i
bagasjen, er det min påstand at partiet vil få ein tilsvarande
utviklingsbane. Det er systemnødvendig, og ikkje eit spørsmål om
moral.
I ein realistisk
sosialistisk strategi er massemobilisering og utvikling av maktorgan
nedafrå nøkkelen, av minst fire grunnar:
- For å beslaglegge kapital fysisk og begrense økonomisk
sabotasje frå økonomiske maktsentra mot ei folkevalt, sosialistisk
regjering.
- For å sette demokratisk bestemt politikk ut i livet der
delar av statsapparatet vil sabotere.
- For å hindre militærkupp.
- Og ikkje minst: Fordi berre sosialisme skapt nedafrå kan bli levedyktig. Det viser erfaringane både frå forsøk med kommunistisk statsssosialisme og sosialdemokratisk statssosialisme meir enn tydelig. Både av parti før oss i den kommunistiske Komintern-tradisjonen og sosialdemokratiske parti har Rødt mykje å lære, men som strategiske alternativ har begge retningane utspelt sin rolle.
Betyr dette at
det er tull å arbeide for reformar under kapitalismen? Sjølsagt
ikkje. Rosa Luxemburg kalte reformane revolusjonens biprodukt. ”Vi
vil ikkje ha ein større bit av kaka, vi vil ha heile det fordømte
bakeriet”, stod det flott og revolusjonært på eit jakkemerke i
punketida først på 80-talet. Men dei som vil ha heile bakeriet, er
ofte godt skodd også for å kjempe for ein større bit av kaka for
folket.
Parti og strategi
Ka betyr denne
analysen for vår praksis i dag?
Det betyr for det
første at partiet må jobbe i - og i tett samarbeid med – dei
store folkebevegelsane, fagbevegelsen, kvinnebebegelsen,
miljøbevegelsen, freds-og solidaritetsbevegelsen, den
anti-rasistiske bevegelsen. Partiets tyngdepunkt må ligge i det
utanom-parlamentariske arbeidet.
For det andre må vi utvikle
systemkritikken og heilheitlige alternativ til dagens politikk,
visjonen av eit nytt samfunn, studiearbeidet, skoleringa i Rødt.
I mitt indre
bilde av partiet sin rolle er det to aksar, eller kanskje heller ein
sirkel rundt der vi står i dag, og ei pil framover.
Sirkelen betyr at
partiet må arbeide for å smi breiast mulig alliansar mellom
grupper som kan ha felles interesser mot kapitalkreftene i
dagskampen. Behovet for å få fagbevegelsen og miljøbevegelsen til
å dra i same retning seier seg sjøl. Arbeidet damene i Akp frå
80-talet, no i Rødt har gjort i ”Kvinner på tvers” for å samle
kvinnedominerte fagorganisasjonar og kvinneorganisasjonar, er eit
forbilde. ”Foren folket - splitt fienden” er ein strategisk og
taktisk formular eg kan like! (På vårt verste kan det verke som vi
agerer etter devisen ”Splitt folket – foren fienden”, det er ei
anna sak..)
Pila betyr at
partiet må arbeide for å knytte kampen i dag til det langsiktige
målet – eit sosialistisk og etter kvart klasselaust samfunn.
Å knytte kampen
i dag til det langsiktige målet betyr f.eks å kjempe for reformar
som tar samfunnsområde ut av marknadsmakta, for eksempel
bustadpolitikken, som Bjørnar Moxnes skreiv om i Klassekampen nylig.
Kollektivtrafikk, jordvern, gjenerobre fiskeriallmenningen (!),
forsvar for allemannsretten og strandsonen er andre felt der den
strategiske betydninga er openberr. Det same er sjølsagt forsvaret
for offentlige velferdsordningar og kulturtilbod som gratis
bibliotek.
For å fungere
langs begge aksane er allsidigheit eit prinsipp å
etterstreve. Partiet må forene økonomisk, politisk og teoretisk
kamp. Kamp gjennom fagbevegelsen og i tariffoppgjør for lønns-
og arbeidsvilkår er økonomisk kamp. Velferd, miljø, asyl – og
innvandring, avsløring av overvåking, korrupsjon og overgrep mot
demokratiske rettar er politiske kampfelt. Systemkritikk og kamp om
samfunnsforståelsen er teoretisk kamp. Når Moxnes og Eifring rett
etter valet argumenterer for SV og Rødt som to nisjeparti, med kvar
sin nisje, der Rødt skal skifte sosial basis vekk frå dagens, da
skyt dei etter mitt syn totalt bom ut frå alt eg no har sagt. Det er
sjølsagt ikkje til hinder for å styrke Rødts politikk for
arbeidslivet, og rekruttere spesielt blant unge, opprørske
arbeidarar. Tvert om
Og ikkje minst:
Rødt må stadig utvikle ei av våre sterke sider, evna til å knyte
i hop parlamentarisk og utanom-parlamentarisk arbeid. Det er Rødts
varemerke, krumtappen i vår revolusjonære sjel. (Av mangel på
bedre metafor) Om ein enkelt faktor skal trekkes fram for å forklare
Rødts relative suksess i nord, trur eg vi finn han i samspellet
mellom parlamentarisk og utanom-parlamentarisk. Men om om denne evna
enno sit i den revolusjonære ryggmargen til noen, er han uansett
trua av beinskjørheit, om noen år kanskje av ungdomssløvsinn - og
må ha konstant tilførsel av vitaminar.
Parlamentarisk arbeid med revolusjonært tilsnitt
Så skal eg slå
eit slag for verdien av parlamentarisk arbeid, helst revolusjonært
parlamentarisk arbeid – altså arbeid i kommunestyra, fylkesting og
storting. Her er vi til ein viss forstand på motpartens arena, i
”maktas korridorar”, samtidig som vi representerer ambisjonen om
folkevalt styring mot alle krefter som vil begrense den graden av
demokrati som blei kjempa gjennom mot høgrekreftene fram til allmenn
stemmerett i 2013.
Mitt første
poeng er at plass i folkevalte forsamlingar i dagens Norge er eit
vilkår for å bli tatt alvorlig som politisk parti. Bruken av
talarstolen som folketribun, medias, riktig nok skiftande, interesse
gir er likevel i større grad enn andre felt ein arena for å fram
Rødt som heilskaplig politisk alternativ.
For det andre
opnar plass i kommunestyre og fylkesting for utstrakt grad av kontakt
med folk, for å jobbe etter masselinja som det heitte før, for
kontakt med enkeltpersonar og fagorganisasjonar og
interesseorganisasjonar som Handikapforbundet eller organisasjonar
for pårørande som LPP og NFU. Vi blir kontakta og det er naturlig
også at andre blir kontakta av oss. Noen set utrulig pris på det
siste, Og vi kan bidra til å bygge alliansar mellom ulike folkelige
krefter.
For det tredje
kan vi få tak i kunnskap, av og til avsløre sensitive saker som vi
kan dele med berørte eller få ut i offentligheita. Det kan forbedre
saksbehandlingsreglar, graden av demokrati i offentlig forvaltning og
legge litt band på mektige særinteresser. Og som biprodukt kan vi
sjøl lære ein masse, til og med om kommunen vi bur i, faktisk også
av baktalte utgreiingar og saksframlegg.
Og for det fjerde
kan vi faktisk på denne måten bidra til politiske vedtak, som er
viktige for dei det gjeld. Kanskje ikkje så veldig revolusjonært?
Uenig!
Alt dette handlar
om å bygge tillit. Og tillit er eit strategisk forhold.
I vår historie i
Nordland er det neppe tilfeldig at der Rødts sin forgjengar RV ikkje
kom inn i kommunestyret, eller ga opp denne bastionen, så forvitra
etter kvart også det øvrige politiske arbeidet. Narvik og Fauske
viser at gjnnombrott i val kan opne for å gjenreise det, kanskje på
eit nytt nivå.
Av Rødts revolusjonære standpunkt
følger altså at vi i vårt parlamentariske arbeid etter evne må:
- halde tett kontakt med dei som er berørt av politisk vedtak,
om mulig stimulere lokal motstand.
- bryte pålagte spellereglar, og dele informasjon som f.eks
administrasjonen vil halde skjult for dei som er berørt når dette
er viktig
- stille alternativ forståelse opp mot den ”offisielle”,
når det gjeld f eks ”rammelogikken” som på falskt grunnlag vil
innbille offentligheit og ansatte at kommuneøkonomien er å
samanlikne med din huashaldsøkonomi. For å skjule at den kommunale
firkanten berre er ein bit av ein søkkfull statssekk, og at kamp
mot usosiale kutt også er ein del av kampen om fordelinga i
samfunnet mellom offentlig fattigdom og privat velstand. Ansvar
nedover og ikkje oppover er Rødts utgangspunkt.
- Ikkje lar oss begrense i det vi tar opp, men også reiser f eks internasjonale spørsmål
Måten Rødts to
i fylkestinget i Nordland har jobba med spesialpedagogisk senter og
hurtigbåtrutene på i fylkestinget er eit fint eksempel på Rødts
arbeidsstil i parlametarisk arbeid. Her blei tett kontakt med dei
berørte kombinert med evne til å sette grense for parlamentarisk
støtte til den ”rød-gule” fylkesregjeringa
For meg har
arbeidet mot kommunens nasking frå eldremilliarden i 90/91, mot
Nato-jubileet og bombinga i Jugoslavia i –99 og kampen mot
privatisering i Saltstraumen i 06/08 vore tre høgdepunkt
parlamentarisk arbeid i skjeringspunktet mot det
utanom-parlamentariske. Alle tre med islett av rikspolitisk
betydning.
Kampen om
eldremilliarden handla om ”rammeforståelsen”, hadde innslag av
avløring av det fordekte, skapte engasjement i pensjonistforeningane
– og ga 8,8 millionar årlig i rammeauke i eldreomsorgen. Trulig
var denne saka viktigare enn Glasshuset for at RV auka frå ein til
fire ved kommunevalet i –91.
Feiringa av
Nato-jubileet i Bodø i –99 lyktes det å redusere, til sterk
gremmelse for høgreordføraren. RV-initiativ i kommunestyret ga
grunnlag for RV-initiativ for å danne Bodø-nettverk mot krig, som
seinare blei til Fredsbevegelsen i Bodø med omfattande aktivitet mot
krigane i Irak og Afghanistan, i den siste saka også med
riksdekkande opprop for å hente noerske bombefly heim.
Initiativet for å
stoppe vedtatte utbyggingssaker i Saltstraumen kom til RV utafrå.
Men uten plass i kommunestyret hadde vi ikkje kunne utnytte feil i
saksbehandlinga til å få saka opp på nytt, og det ville ikkje ha
vore mulig gjennom omfattande mobilisering å få stoppa utbygginga
både i Ripnes på innsida og Knaplundsbukta på utsida av
Saltstraumen. Og vi kunne avdekke ulovlig godkjent reguleringsplan
først i Ripnes og så ulovlig utbygging av Løpshavn. Som førte til
skandalesakene om Austre skolepark og Nav-bygget i Bodø sentrum.
Som vi ser, kan
initiativ i kommunestyret like gjerne slå ut i bevegelse utafor som
omvendt.
I Rødt på
landsbasis er sikkert den grunnleggande forståelsen for det
utanom-parlamentariske arbeidets forrang for liten i delar av
partiet. Alt for mange lag er eit vedheng til kommunestyregruppa, er
eg redd. På mindre plassar med liten kapasitet, er det vanskelig å
unngå. Likevel er allsidig arbeid viktig å streve etter. Og vi har
veldig mykje positiv lærdom å bygge på når det gjeld å arbeide
sånn at arbeidet i kommunestyret og fylkestinget og arbeidet utafor
gjensidig kan styrke kvarandre.
Her er det viktig
å understreke:
For det første
betyr sjølsagt ikkje oppfatninga av at utanom-parlamentarisk arbeid
må vere det viktigaste for eit revolusjonært parti, at for eksempel
den som er tillitsvalt i ei fagforening dermed har ei viktigare
oppgåve enn ho som sit i kommunestyret. Og det betyr like lite at
det Rødt-medlemmet som brukar mykje tid på solidaritetsarbeid gjør
mindreverdig arbeid jamført med andre. Utfordringa for Rødt som
parti er både å sjå kvar enkelt sin innsats, og å utvikle miljø
og former for oppfølging av dei ulike kampfelta, samtidig som evna
til sjølstendig jobbing blir ivaretatt.
For det andre:
Nedprioritering av arbeid i kommunestyre, og stortinget, eller i å
utvikle ein praksis for å få plass der, kan også uttrykke
oppvurdering av sektorkamp framfor politisk kamp og synliggjøring av
partiet som heilskaplig alternativ. Det skjer lett under dekke av å
prioritere utanom-parlamentarisk kamp, men er ikkje særlig
”venstre”. Sett frå nord for Polarsirkelen, har det ofte
forbausa meg at etablerte Rødt-miljø i store kommunar og
mellomstore byar på Austlandet ikkje slår gjennom i
lokalpolitikken. Kan det ha å gjøre med denne tankegangen ?
Men i mitt hau er altså det
parlamentariske arbeidet meir ein reidskap for å styrke det
utanom-parlamentariske enn omvendt.
Generelt må Rødt ha fornuftig
arbeidsdeling, dersom vi også skal utvikle for eksempel
faglig arbeid, kvinnearbeid, miljøarbeid, solidaritetsarbeidet over
heile landet.
Kommunestyregruppa
må på si side ha ei open dør for innspell og forslag. Lagsleiar og
gruppeleiar må avtale ka for viktige spørsmål som skal avgjøres
på lagsmøta. Det er partiet som skal bestemme politikken. Gruppa må
av same grunn vere representert i styret. Og gruppa bør rapportere
jamt til medlemmene, uten å dynge folk ned med informasjon.
Altså fornuftig
arbeidsdeling igjen.
Konklusjon
Etter mitt syn er
det viktigare for Rødt å forstå og bygge på våre sterke sider og
det vi faktisk har fått til enn å fortvile over det vi ikkje har
fått til. Og heller utvikle oss ut frå vårt særpreg enn å
risikere og tape fotfeste i jakta på modernisering og ein meir
lekker fasade.
I dette innlegget
er begrepet ”revolusjonær” eit nøkkelord. Det betyr ikkje at eg
trur løysinga for Rødt er å slå om seg med revolusjonære
slagord. Viktigare enn å rope revolusjon er det gjøre det – og at
revolusjonær forståelse gjennomsyrer partiet sin teori og praksis.
Men også formuleringar i program må sjølsagt vere forståelige og
truverdige – og skape det riktige grunnlaget for ein radikalt annan
praksis enn dei partia som står på det beståande samfunns grunn.
Vår makt- og
samfunnsforståelse vil sjølsagt utfordre den hegemoniske makta sin
demokratiforståelse, og det vil bli brukt mot oss. Ikkje minst frå
den høgresida som kjempa med nebb og klør mot alle demokratiske
refomar på 18-og 1900-talet, som parlamentarisme og allmenn
stemmerett for begge kjønn og alle klassar, som dei kalte
”pøbelvelde” – direkte omsett altså folkestyre. Rødt må
forsvare alle demokratiske landevinningar, samtidig som vi set ein
djupare demokratiforståelse opp mot den allment aksepterte. Her kan
Rødt søke støtte ikkje berre i marxistismen, men også i retningar
som radikal-demokratane på 1880-talet rundt Fedraheimen (Arne
Garborg) og kanskje i republikkanismen (Hannah Arendt).
Brigt Kristensen
Medlem av Rødt Bodø
No comments:
Post a Comment