 |
Av Røed - Selvfotografert, CC BY-SA 2.5, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2273809 |
Gjesteblogger
Brigt Kristensen
Mangeårig
lokalpolitikar for RV og Rødt i Bodø.
Denne artikkelen er første gang trykket i tidskriftet GNIST nr 3-2018.Gnist
Etter
siste stortingsval har det vore tilløp til debatt om vegen vidare
for Rødt og SV. Debatt var det også etter stortingsvalet i 2013. Da
var veike valresultat for begge parti bakteppet for at fleire ville
slå dei to partia i hop. Etter relativ suksess i siste stortingsval
har noen komme til same konklusjon, eventuelt også med MDG på laget
og etter ein prosess med utvida samarbeid.
Da
Rødt fikk stabil framgang på meiningsmålingane våren 2018 etter
offensivt arbeid på Stortinget, avfødde det heftige angrep på Rødt
i media – med borgarlige penneknektar og ideologar som VGs Hanne
Skartveit og Kristin Clemet
frå Civita i brodden.
Angrepspunkt:
Rødt
går inn for noe så gammaldags og friheitsfiendtlig som eit
sosialistisk samfunn!
Denne
artikkelen argumenterer for at val av langsiktig strategi for eit
sosialistisk alternativ til kapitalisme og imperialisme også må
avgjøre dagens partiorganisering og samarbeidsformene til venstre
for Ap – og forholdet til Ap. Motmakt er også makt – og å søke
makt under kapitalismen må skje gjennom ein motmaktstrategi dersom
ikkje venstrekreftene skal ende opp med «makt» på systemets
premissar – i praksis som lydige tenarar for internasjonal
storkapital gjennom NATO og EU, slik utviklingsbana har vore for det
internasjonale sosialdemokratiet.Også dei nye, opposisjonelle
rørslene til venstre for det tradisjonelle sosialdemokratiet kan
få denne lagnaden. Eit ferskt eksempel er Syrizas omvandling på
tre-fire år frå folkelig kraft mot systemet til iverksettar av EU,
Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondets
sjokkterapi mot Hellas.
Strategien
med å søke regjeringsmakt under kapitalismen har i liten grad
levert dei siste åra. Den klassiske debatten om ministersosialisme
og reformistisk eller revolusjonær strategi er igjen aktuell,
ironisk nok også i det kortsiktige
perspektivet. SV gikk tilbake frå 12, 5 til 4,1 prosent frå 2001
til 2013, etter at partiet «endelig» kom i regjering. «SV-fella»
blei eit begrep og viser til at det ikkje er sikkert at denne typen
«makt» gir framgang på kort sikt heller, og kanskje aller minst
for parti med ein systemkritisk retorikk.
MAKT
OG MOTMAKT – TO STRATEGIAR
For
å framsnakke SV sin regjeringsstrategi uttalte SV-leiarar etter
valnederlaget i 2013 at «SV har oppnådd meir i 8 år i regjering
enn i alle år partiet har eksistert til saman». Det fikk
SV-veteranen Stein Ørnhøi til syrlig å bemerke at siger i to
omgangar, i 1972 og 1994, i å halde Norge utafor EU altså ikkje var
stort å snakke om. Å ville oppnå resultat i politikken blir i
denne tankegangen det same som «å søke makt» – som igjen blir
påstått å bety å gå i regjering når sjansen byr seg. Arbeid i
masserørslene utafor statsapparatet og i opposisjon, oppbygginga
av motmakt, er
per definisjon resultatlaust i denne tankeverda. I staden for å søke
makt i regjering for
ein kvar pris, etterlyste Ørnhøi motmakt
til dei faktiske
makthavarane. Aller minst forstår dei systemlojale at makt uten
styrke blir avmakt, slik SV-aren Arne Overrein skreiv. Men også
Ørnhøi og Overrein undervurderte dei strukturelle grensene for
forandring via dagens statsapparat – og Ap-toppen si binding til
storkapitalen, EU og Nato.
10 eller 15 prosent i val er etter denne debattantens syn ein svært
mangelfull styrke for å unngå å bli avmektig gissel i regjering.
Imperialismen og statens klassekarakter er blitt fremmendord for
mange på venstresida.
Derfor
blir skuffelse over at makt ofte blir avmakt i regjering gjerne ein
dom over moralsk svik. Langt viktigare er innsikt i at «sviket»
heller er ei systemnødvendig følge av ein bestemt strategi – ein
strategi som søker «makt» på grunnlag
av Nato og EØS-avtalen, altså med imperialismen og kapitalens
herredømme som premiss.
Skjønnmalinga
av regjeringsposisjonen og nedvurderinga av arbeidet i opposisjon og
det utanomparlamentariske arbeidet, som Ørnhøi tok opp, kjem av eit
naivt syn på kor makta ligg i eit kapitalistisk klassesamfunn: I det
rådande synet er Storting og regjering eit direkte uttrykk for
folkeviljen og demokratiet. Derfor er det ei plikt å søke ein flik
av regjeringsmakta i dette systemet.
Det
er kanskje elementært, men likevel:
Historia,
ikkje berre dei åtte åra med rød-grøn regjering, viser at
klassemakta også dikterer fra kommandohøgdene i bank- og
finansvesenet, og styreromma i storkonserna. Det er kalt makta bak
makta, klassediktaturet bak det politiske demokratiet.
Imperialistiske interesser sikrar seg gjennom Nato og EØS. Her ligg
forklaringa på at «makt» på desse premissane ofte blir avmakt.
Eller enda verre: I staden for folkets motmakt blir det makt mot
folket.
MINISTERSOSIALISME
ELLER REVOLUSJONÆR STRATEGI
Diskusjonen
om strategi og makt har løpt gjennom arbeidarrørsla frå starten,
Den klassiske debatten om reform eller revolusjon er meir enn 100 år
gammal. Dei første ministersosialistane trudde deltaking i regjering
ville gi arbeidsfolket reell makt. I staden er kapitalens banemenn
(sosialistane) gong på gong gjennom historia blitt gislar for makta
og forvandla til instrument for kapitalkreftene.
I
SV og Rødts forhistorie var diskusjonen om fellinga av Gerhardsens
regjering i 1963 ein del
av dette, og temaet sto sentralt i kløyvinga av SF i 1969. Alt før
ml-perioden advarte vi på landsmøtet i SUF i 1967 moderpartiet mot
samarbeid på topplan med Ap for å administrere kapitalismen. Og
dagens ministersosialistar har knapt noen politiske mål som kan
rokke ved kapitalkreftenes makt. Lokalt har mange fått oppleve Ap og
SV i fleirtalsposisjon i kommunestyre- og fylkesting som systemlojale
kuttpolitikarar og vaktarar av den heilage budsjettbalanse. Historisk
var ministersosialistane villige til å
gå i koalisjon med ikkje-sosialistiske parti i regjering for å
administrere det borgarlige samfunnet. I min språkbruk er den
minister-sosialistiske strategien også å satse på at stadig større
oppslutning i val til slutt vil gi regjeringsmakt, og
dermed makt til å omdanne samfunnet og innføre sosialismen frå
toppen. Etter som Ap ikkje på mange år har hatt sosialisme som mål,
kan vi slå fast at SVs strategi er ministersosialisme
også
i den første betydninga. Men ingen parti, heller ikkje Rødt, er
konsolidert på at også
den andre «varianten» i sitt vesen er av same type – og like
fjern frå verkeligheita om målet er eit anna samfunn og ei anna
verd. For strategi og organisering må tene målet.
Og
målet må vere:
−− å
avkaffe kapitalismen og systemet med at eit mindretal lever feitt på
andres arbeid.
−− å
avskaffe imperialismen, som er kapitalisme globalt, dominert av
fleirnasjonale konsern
i kappestrid om ressursar og marknader, med utarming og stadig nye
krigar som resultat.
−− avskaffe
profittsystemet som drivkraft for utvikling, fordi det truer jordas
tåleevne
– og tenderer til å redusere mellommenneskelige forhold
til kjøp og sal.
Og
så erstatte dette systemet med eit fellesskapssamfunn, der
ressursar, produksjon og velferd
er ansvaret til fellesskapet gjennom eit utstrakt og desentralisert
folkestyre. Noen har kalt første fase sosialisme og andre fase
kommunisme i ei sånn utvikling, Marx snakka om kommunismens to
fasar.
Rødt
kaller seg eit revolusjonært, sosialistisk parti.
Ka betår det
revolusjonære i ?
Eit
kvalitativt anna samfunn enn dagens er målet, det er vel
revolusjonært? Ja, det òg! Men skillet mellom reformistar og
revolusjonære for eksempel på tjuetalet i Norge, gikk ikkje først
og fremst der. Til og med da det var tre arbeidarparti hadde alle –
også høgresosialistane i Norges sosialdemokratiske parti –
sosialisering av produksjonsmidla på programmet. Reformistar og
revolusjonære hadde langt på veg same mål. Skillet gikk på
analyse, strategi og arbeidsmåte.
Reformistane
meinte som nemnt at ei gradvis utvikling med reformar vedtatt av
Stortinget skulle gi makta også over det økonomiske livet til
arbeidarklasssen og folket. Synet til den revolusjonære retninga
derimot var at berre massemobilisering, særlig på dei store
arbeidsplassane, kunne gi ein maktbase for å gripe samfunnsmakta
direkte, eller iallfall hindre
at overklassen, borgarskapet, saboterte ein valsiger for
arbeidarrørsla.
Seinare gikk Ap over til det reformistiske
standpunktet med gradvise reformar som veg til eit sosialistisk
samfunn – for så etter 2. verdskrigen å lande på regulert
kapitalisme og Nato-politikk som sitt grunnlag. Under Stoltenbergs
første regjering var partiet spydspiss for nyliberalisme og
privatisering. Vi kan kalle det sosialdemokratiets fjerde fase.
SF
og SV starta som reformistiske sosialistar, og sneia på 70-talet
innom eit revolusjonært standpunkt.
Under Solheim og Halvorsen på 90-talet blei sosialismen i realiteten
avskaffa, målet blei kapitalisme med eit menneskelig ansikt. Alt før
regjeringsposisjonen kom støtte til Nato-krigane i Jugoslavia og
Afghanistan, i regjering bombinga i Libya med venstrefløy-toppen,
dagens partileiar Audun Lysbakken, entusiastisk på laget. Altså er
det blitt svært så romslig politisk til venstre for SV. Rødt kan
utnytte dette, men uten å følge med i Ap og SVs glideflukt mot
høgre. Rødt kan «ta rommet», men uten å flytte seg til høgre i
rommet. Skulle Rødt få stor oppslutning med SVs og Aps maktstrategi
i bagasjen, er det min påstand at partiet vil få ein tilsvarande
utviklingsbane. Det er systemnødvendig, og ikkje eit spørsmål om
moral.
REVOLUSJONÆR
OVERGANG
I
ein realistisk sosialistisk strategi er massemobilisering og
utvikling av maktorgan nedafrå
nøkkelen,
av minst fire grunnar:
−− For
å beslaglegge kapital fysisk og motverke økonomisk sabotasje frå
økonomiske
maktsentra
mot ei folkevalt, sosialistisk regjering.
−− For
å sette demokratisk bestemt politikk ut i livet der delar av
statsapparatet vil sabotere.
−− For
å hindre militærkupp.
−−Og
ikkje minst: Fordi berre sosialisme skapt nedafrå kan bli
levedyktig. Det viser
erfaringane
både frå forsøk med kommunistisk statssosialisme og
sosialdemokratisk
statssosialisme
meir enn tydelig. Både av parti i den kommunistiske
Komintern-tradisjonen og sosialdemokratiske parti har Rødt mykje å
lære, men som strategiske alternativ har begge retningane utspelt
sin rolle.
Grovt sett er det mulig å sjå for seg to scenario
der ei ny arbeidar- og folkemakt nedafrå tar over samfunnsmakta.
Enten har vi ein revolusjonær situasjon der makta «ligg i gata»,
dei parlamentariske organa er ute av funksjon – og ei revolusjonær
rørsle «tar» makta på klassisk revolusjonært vis. For å skaffe
legitimitet og legalitet, er det da avgjørande viktig at den nye
makta (parti/koalisjon av krefter) raskt gjennomfører frie val –
og respekterer resultatet.
Eller:
Eit revolusjonært parti eller ein koalisjon i spissen for ei brei
masserørsle får regjeringsmakt i ein turbulent, nesten-revolusjonær
situasjon etter val i dagens politiske system. Da vil denne
regjeringa være avhengig av masserørsla for å hindre sabotasje og
skape ein reell maktbase for å innføre eit nytt system. Utanom
slike situasjonar vil «maktvegring» stort sett vere det rette for
eit revolusjonært parti. I heilt spesielle situasjonar, for eksempel
viss regjeringsdeltaking er det som skal til for å få Norge ut av
Nato eller EØS, kan det likevel vere grunn til å diskutere om
tidsavgrensa deltaking i regjering kan forsvares under dagens system.
Så
har vel historia eksempel på at revolusjonære parti så å seie
blir «tvinga» inn i regjering, fordi partiets massebasis krev det –
og maktvegring vil undergrave tilliten til partietfullstendig. Altså
når forventningane er store og fleirtalet ønsker store endringar.
(NB: Ein situasjon nokså forskjellig frå diskusjonen som er
referert i SV i 2013 om 10 eller 15 prosent for å gå i regjering).
Da må partiet iallfall bruke regjeringsposisjonen til å stimulere
masserørsla til å handle, ta over bedrifter og liknande. Og vi kan
ikkje sjå vekk frå at revolusjonære endringar kan skje i etappar
over fleire år, gjennom skarp konflikt.
Betyr
dette at det er nyttelaust å arbeide for reformer under
kapitalismen? Sjølsagt ikkje.
Rosa
Luxemburg kalte reformene revolusjonens biprodukt. «Vi vil ikkje ha
ein større bit
av
kaka, vi vil ha heile det fordømte bakeriet», stod det flott og
revolusjonært på eit jakkemerke i punketida først på 80-talet.
Men dei som vil ha heile bakeriet, er ofte godt skodd
også for å kjempe for ein større bit av kaka for
arbeidsfolket.
RØDTS
REVOLUSJONÆRE SJEL
For
Magnus Marsdal i Manifest var det etter siste stortingsval eit viktig
poeng at SV og Rødt med Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes i front
hadde stått fram som «politiske tvillingar» i valkampen. Og rett
skal vere rett: Lysbakken stilte med nyoppussa profil og retorikk, og
8 år i regjering på passe avstand, mens Moxnes hadde ein meir
konkret politikk og taktikk enn før. Når begge i tillegg er moderne
menn i trettiåra blir det vanskelig å få auge på skilnaden. Men i
fleire tiår har sjeldan programsakene danna eit viktig skille mellom
RV/Rødt og SV. Likevel har partia i den politiske praksisen ofte
skilt lag, både lokalt og i rikspolitikken. Det kjem av forskjellig
analyse av makta og ulik politisk
strategi. Ka er så Rødts styrke framfor for eksempel SV? Ka er
haldbar grunngiving for eit parti til venstre for dagens SV? Er
Rødt-folk dyktigare, snillare eller meir kompromisslause menneske
enn SV-folk? Neppe. Min påstand er at dei ulikheitene vi kan
observere mellom dei to partia sin praksis, som er til Rødt sin
fordel, er avleidd av at SV er eit reformistisk parti , mens Rødt
ein stad der inne enno har ei revolusjonær sjel.
«Ikke
til salgs» stod det på Rødts løpesedlar i valkampen i 2013.
Igjen: Korfor kunne Rødt
skilte med det? Er Rødt av ein høgare moralsk orden? Rødt-folk
gjør mange stader ein
strålande innsats for å ivareta folks interesser som folkevalte og
som tillitsvalte i interesseorganisasjonar.
Sjølsagt speller personlige eigenskapar ein rolle. Men politisk heng
Rødts sterke sider i hop med ein tradisjon av marxistisk
maktanalyse, som gjør at Rødt-folk ikkje så lett lar seg kjøpe
eller falle til fote for makta. Og når mange i Rødt legg mykje
krefter i årelangt freds- og solidaritetsarbeid, kjem det neppe
berre av medkjensle og evne til empati.
Engasjementet
er nødvendig fordi
det har feste i ein grunnforståelse av ka som må til for å
avskaffe krig, nød og undertrykking. Denne grunnforståelsen er
revolusjonært sosialistisk. Og sjukehusaktivistar frå Rødt landet
rundt har i ryggmargen at berre kamp gir siger, massemobilisering må
til. Rødt er ikkje lobbyistane og First House sitt førsteval.
Det
var Rødt-leiar Moxnes og ikkje SV-leiar Lysbakken som uttalte dette
til Klassekampen 16.
august før valet: «Me skal ikkje gå i SV-fella og sluke kamelar
til morgon og kveld. Der er Støre og eg einige.» Dette sa Moxnes
etter at Støre hadde fått kritikk langt inn i Ap for å markere
avstand til Rødt (og MDG).
I
stortingsvalet i Nordland stilte to damer i front for SV og Rødt. I
den tv-sendte NRK-debatten for Nordland i Bodø 6. september, fikk
SV-kandidaten Mona Fagerås dette spørsmålet frå salen: «Kan SV
garantere at ei ny rødgrønn regjering ikke vil støtte norsk
krigsdeltakelse i USA-ledede kriger?» Ifølge opptak svarte Fagerås:
«Det er jo vårt primærstandpunkt, og vi meiner jo at
utenlandsoperasjoner skal ledes av FN, og ikke av NATO. Så er det
selvfølgelig sånn at viss man går inn i ei regjering, må man være
med på forskjellige rare ting. […]» Litt snubling i ein hektisk
debatt, eller eit teikn på kor grunt SVs sjøloppgjør har vore?
Resten av svaret til den nyvalte stortingsrepresentanten tyder
på det siste. Her var poenget med FN-mandat å gi krigane større
legitimitet i
verdssamfunnet! Rødts førstekandidat, Synne H. Bjørbæk nytta dei
høva ho fikk i valkampen, i debatt, innlegg og med eigen video til å
agitere mot Norge som krigsnasjon.
Ka
betyr denne analysen for praksis i dag?
Det
betyr for det første at eit revolusjonært parti må jobbe i – og
i tett samarbeid med – dei
store folkerørslene, fagbevegelsen, kvinnebebegelsen,
miljøbevegelsen, freds- og solidaritetsbevegelsen, den
antirasistiske bevegelsen.
Partiets
tyngdepunkt må ligge i det utanomparlamentariske arbeidet.
For det
andre er det viktig
å utvikle systemkritikken og heilheitlige alternativ til dagens
politikk, visjonen av eit nytt
samfunn, studiearbeidet og skoleringa.
For
å få eit bilde av partiet si rolle i ein langsiktig strategi, kan
det vere nyttig å sjå for seg
to aksar, eller kanskje heller ein sirkel rundt der vi står i dag,
og ei pil framover. Sirkelen
betyr at partiet må arbeide for å smi breiast mulig alliansar
mellom grupper som
kan ha felles interesser mot kapitalkreftene i dagskampen. Behovet
for å få fagbevegelsen og miljøbevegelsen til å dra i same
retning seier seg sjøl. Arbeidet damene i Akp frå 80-talet, no i
Rødt, har gjort i «Kvinner på tvers» for å samle kvinnedominerte
fagorganisasjonar og kvinneorganisasjonar, er eit forbilde. «Foren
folket – splitt fienden» er ein strategisk og taktisk formular av
klasse! Pila betyr at partiet må arbeide for å knytte kampen
i dag til det langsiktige målet – eit sosialistisk og etter kvart
klasselaust samfunn.
Å
knytte kampen i dag til det langsiktige målet, betyr å kjempe for
reformer som tar samfunnsområde ut av marknadsmakta, for eksempel i
bustadpolitikken. Kollektivtrafikk, jordvern,
å gjenerobre fiskeriallmenningen, forsvar for allemannsretten og
strandsona er andre felt der den strategiske betydninga er openberr.
Det same er sjølsagt forsvaret for og utviding av offentlige
velferdsordningar og kulturtilbod som gratis bibliotek.
For
å fungere langs begge aksane er allsidigheit
eit prinsipp å
etterstreve.
Partiet må sameine
økonomisk, politisk
og teoretisk kamp. Kamp
gjennom fagbevegelsen og i tariffoppgjør for lønns- og
arbeidsvilkår er økonomisk kamp. Krig og fred. miljø, asyl og
innvandring, avsløring av overvaking, korrupsjon og overgrep mot
demokratiske rettar er politiske kampfelt. Systemkritikk og kamp om
samfunnsforståelsen er teoretisk kamp.
Rett
etter stortingsvalet i 2013 argumenterte partileiar Bjørnar Moxnes
og Mari Eifring, som da var partisekretær, for SV og Rødt som to
nisjeparti, med innretting på kvar sin sosiale nisje. SV skulle som
før vere dei radikale mellomlaga sitt parti, og Rødt bli partiet
til unge arbeidarar. Partifilosofien bak dette forslaget er fjernt
frå den som er forsøkt skissert i denne artikkelen. Det er det også
å sentrere alt politisk arbeid om økonomiske forskjellar, ei linje
som lett forfell til det som er kalt økonomisme.
Denne
partioppfatninga er sjølsagt ikkje til hinder for å satse på å
bryte gjennom med politikk
for arbeidslivet, og rekruttere spesielt blant unge, opprørske
arbeidarar. Trulig har det skjedd, særlig i dei siste to-tre åra.
Framifrå! Men det kan ikkje erstatte allsidig, revolusjonært
arbeid.
Ei
av Rødt sterke sider er evna til å knyte i hop parlamentarisk og
utanomparlamentarisk arbeid.
Det er Rødts varemerke, krumtappen i Rødts revolusjonære sjel. (Av
mangel på bedre metafor.) Om ein enkelt faktor skal trekkes fram for
å forklare Rødts relative suksess i nord, trur eg vi finn han i
vellykt samspell mellom parlamentarisk og utanomparlamentarisk
arbeid.
PARLAMENTARISK
ARBEID MED REVOLUSJONÆRT TILSNITT
Så
litt om om parlamentarisk arbeid, helst revolusjonært parlamentarisk
arbeid – altså arbeid
i kommunestyra, fylkesting og Storting. Her er vi til ein viss
forstand på motpartens arena,
i «maktas korridorar», samtidig som vi representerer ambisjonen om
folkevalt styring mot alle krefter som vil begrense den graden av
demokrati som blei kjempa gjennom mot høgrekreftene fram til allmenn
stemmerett i 1913.
Det
første poenget er at plass i folkevalte forsamlingar i dagens Norge
er eit vilkår for å bli
tatt alvorlig som politisk parti. Bruken av talarstolen som
folketribun, medias, riktig nok skiftande,
interesse gir likevel ein arena for å fram eit heilskaplig politisk
alternativ.
For det andre opnar plass i kommunestyre, fylkesting og
Storting for utstrakt grad av kontakt med
folk, for å jobbe etter masselinja som det heitte før, for kontakt
med enkeltpersonar og
fagorganisasjonar og interesseorganisasjonar som Handikapforbundet
eller organisasjonar for pårørande som Landslaget for pårørande i
psykisk helse (LPP) og Norsk forbund for utviklingshemma (NFU).
Representantar for partiet blir kontakta og det er naturlig at også
partiet tar kontakt. Noen set utrulig pris på det siste, Og det kan
bidra til å bygge alliansar mellom ulike folkelige krefter.
For det
tredje kan folkevalte få tak i kunnskap og av og til avsløre
sensitive saker som dei kan dele med berørte eller få ut i
offentligheita.
Det
kan forbedre saksbehandling, graden av demokrati i offentlig
forvaltning og legge litt
band på mektige særinteresser. Og som biprodukt kan ein lære
mykje, til og med om kommunen
ein bur i, faktisk også av traurige utgreiingar og saksframlegg.
Og
for det fjerde kan revolusjonære folkevalte faktisk på denne måten
bidra til politiske vedtak,
som er viktige for dei det gjeld. Etter knapt eit år på Stortinget
har Rødt vore meir synlig
og fått meir til enn dei fleste hadde venta – som konstruktiv og
offensiv opposisjon i opposisjonen!
Rødt har vore plogen som brøyta veg for at fleirtalet fikk fjerna
ein statsråd som appellerte til dei brunaste elementa i folket. Men
også mindre sigrar på lokalt nivå er viktige i ein revolusjonær
strategi. Det handlar om
å bygge tillit. Og tillit er eit strategisk
forhold.
Av
eit revolusjonært standpunkt følger altså i det parlamentariske
arbeid etter evne å:
−− halde
tett kontakt med dei som er berørt av politisk vedtak, om mulig
stimulere lokal motstand.
−− bryte
pålagte spellereglar, og dele informasjon som for eksempel
administrasjonen vil halde
skjult for dei som er berørt når dette er viktig.
−− stille
alternativ forståelse opp mot den «offisielle», når det gjeld for
eksempel «rammelogikken» som på falskt grunnlag vil innbille
offentligheit og ansatte at kommuneøkonomien er å samanlikne med
din huashaldsøkonomi.
For
å skjule at den kommunale firkanten berre er ein bit av ein søkkfull
statssekk, og at kamp mot usosiale kutt er ein del av kampen om
fordelinga i samfunnet mellom offentlig fattigdom og privat velstand.
Rødt har ein tradisjon for å vise ansvar nedover, ikkje oppover.
−− ikkje
la seg begrense i tema, men også reise for eksempel internasjonale
spørsmål
For
artikkelforfattaren har arbeidet mot kommunen si nasking frå
eldremilliarden i 1990/91,
mot Nato-jubileet i bombebyen Bodø og bombinga i Jugoslavia i 1999
og kampen mot privatisering i Saltstraumen i 2006/08 vore tre
høgdepunkt i parlamentarisk arbeid arbeid
i skjeringspunktet mot det utanomparlamentariske. Alle tre med islett
av rikspolitisk betydning.
Kampen
om eldremilliarden handla om «rammeforståelsen», hadde innslag av
avløring av det fordekte, skapte engasjement i pensjonistforeningane
– og ga 8,8 millionar årlig i rammeauke i eldreomsorgen. Trulig
var denne saka viktigare enn Glasshuset (omgjøringa av sentrumsgater
i Bodø til eit kjøpesenter) for at RV auka frå ein til fire ved
kommunevalet i 1991.
Det
lyktes å redusere omfanget av feiringa av Nato-jubileet i Bodø i
1999 midt under bombinga av Jugoslavia, til sterk gremmelse for
høgreordføraren. RV-initiativ i kommunestyret ga grunnlag for
RV-initiativ for å danne Bodø-nettverk mot krig, som seinare blei
til Fredsbevegelsen i Bodø med omfattande aktivitet mot krigane i
Irak og Afghanistan, i den siste saka også med riksdekkande opprop
for å hente norske bombefly heim.
Initiativet
for å stoppe vedtatte utbyggingssaker i Saltstraumen kom til RV
utafrå. Men
uten plass i kommunestyret hadde vi ikkje kunne utnytte feil i
saksbehandlinga til
å få saka opp på nytt. Dermed blei det mulig gjennom omfattande
mobilisering å få stoppa
utbygginga både i Ripnes på innsida og Knaplundsbukta på utsida av
Saltstraumen. Og vi kunne avdekke ulovlig godkjent reguleringsplan
først i Ripnes og så ulovlig utbygging av Løpshavn. Som igjen
førte til at fleire skandaleprega byggesaker i Bodø sentrum kom
fram i lyset.
Som
vi ser, kan initiativ i kommunestyret like gjerne slå ut i bevegelse
utafor som omvendt.
Og det er fullt mulig å vinne fram i den politiske kampen, også
uten å vere med i eit avtalefesta fleirtal, den såkalla
«posisjonen». Også i Rødt er trulig den grunnleggande forståelsen
for det utanomparlamentariske arbeidets forrang for liten. Alt for
mange lag er trulig
eit vedheng til kommunestyregruppa. På mindre plassar med liten
kapasitet, er det vanskelig å unngå. Likevel er allsidig arbeid
viktig å streve etter. Og Rødt har veldig mykje positiv lærdom å
bygge på når det gjeld å utvikle praksis for gjensidig styrking av
arbeidet i kommunestyre/fylkesting og arbeidet utafor.
Her
er det viktig å understreke:
For
det første betyr sjølsagt ikkje oppfatninga av at
utanomparlamentarisk arbeid må vere det
viktigaste for eit revolusjonært parti, at for eksempel den som er
tillitsvalt i ei fagforening dermed har ei viktigare oppgåve enn ho
som sit i kommunestyret. Og det betyr like lite at aktivisten som
brukar mykje tid på solidaritetsarbeid, gjør mindreverdig arbeid
jamført med andre. Utfordringa for Rødt som parti er både å
sjå kvar enkelt sin innsats, og å utvikle miljø og former for
oppfølging av dei ulike kampfelta, samtidig som evna til sjølstendig
jobbing blir ivaretatt.
For
det andre: Nedprioritering av arbeid i kommunestyre, og på
Stortinget, kan også uttrykke
oppvurdering av sektorkamp framfor politisk kamp og synliggjøring av
partiet som
heilskaplig alternativ. Det skjer lett under dekke av å prioritere
utanomparlamentarisk kamp, men er ikkje særlig «venstre». Sett frå
nord for Polarsirkelen, er det forbausande at etablerte Rødt-miljø
i store kommunar og mellomstore
byar på Austlandet ikkje slår gjennom i lokalpolitikken. Kan det ha
å gjøre med denne tankegangen?
Men
i mitt hau er altså det parlamentariske arbeidet meir ein reidskap
for å styrke det utanomparlamentariske
enn omvendt.
Generelt
må eit revolusjonært parti ha fornuftig arbeidsdeling,
dersom det også skal utvikle
for eksempel faglig arbeid, kvinnearbeid, miljøarbeid og
solidaritetsarbeidet over heile
landet.
Kommunestyregruppa
må på si side ha ei open dør for innspell og forslag. Lagsleiar og gruppeleiar
må avtale ka for viktige spørsmål som skal avgjøres på lagsmøta.
Det er partiet som skal bestemme politikken. Gruppa må av same grunn
vere representert i styret. Og gruppa bør rapportere jamt til
medlemmene, uten å dynge folk ned med informasjon. Altså fornuftig
arbeidsdeling igjen.
FLEIRTALSSAMARBEID
LOKALT
Dei
svært gode resultata i lokalvala i 2015 i Nordland og i Tromsø, og
i ei handfull kommunar i Sør-Norge, bidrog til at Rødt har fått
nye erfaringar med å delta i ulike former for fleirtalssamarbeid. I
siste kommuneval blei Rødt tredje største parti i fire byar i
Nordland, og fikk over 12 prosent ved fylkesvalet i to andre kommunar
i fylket. 14,4 prosent i kommunevalet i Tromsø var topp i nord,
likevel slått av eineståande Kragerø i sør med 16,4 prosent. I
nokså mange kommunar var det etter valet ikkje mulig å komme forbi
Rødt om Ap skulle vere sikra ordførarvervet. Da Bjørnar Moxnes
kommenterte ei meiningsmåling i Oslo våren 2018 som ga Rødt 8,8
prosent etter vellykt arbeid på Stortinget, sa han at Oslo endelig
var komme opp på nord-norsk nivå!
Det
er neppe dristig å hevde at særlig søppelskandalen i Oslo våren
2017 bidrog sterkt til
å gi Rødt stortingsplass. Paradoksalt nok ga by-parlamentarismen i
Oslo Rødt politisk innverknad som «støtteparti», men partiet fikk
på same tid ein avstand til den lokale makta som Rødt i Tromsø
ikkje hadde da dei stod i brodden for å avskaffe det same systemet.
Denne
skilnaden kan vere ein av grunnane til at Oslo løfta seg – og
mykje av landet – i
siste stortingsval, mens Rødt i Tromsø og Troms fall ekstra mykje
også jamført med fylkesvalet to år før.
Eit
tredje eksempel på tråd mellom den lokale situasjonen og det
nasjonale nivået er Nesodden,
som fikk landets beste resultat for Rødt i stortingsvalet i lag med
Oslo. Her brukte
Rødt erfaringane med den lokale koalisjonen av AP og Høgre på
Nesodden for å få fram
dei rikspolitiske skillelinjene.
Rødt
Rana, som var i budsjettsamarbeid med Ap og SV, greide likevel å
bruke rommet som
opna seg ved at Ap og SV gikk inn for sentralisering av skolar for å
spare – og samtidig brukte store summar av kommunale fond til ny
flyplass. Det er alltid lettare å gå fram frå eit veikt
utgangspunkt. Men for første gong på lang tid fikk Rana eit bedre
valresultat enn Bodø, som ved fylkesvalet i 2015 var 2,5 gonger større
enn Rana i prosentvis oppslutning.
Parolen
«Tenk lokalt når du stemmer sentralt» blei reist av folk utafor
Rødts rekker.
Omvendt
tabba Rødt Bodø seg ut ved å stø eit budsjett som ga sterk og
usosial auke i eigedomsskatten. Og i forsøket på å korrigere linja
stod ikkje Rødt løpet ut da dei fram mot valet gjorde manglande
overføringar frå høgre-regjeringa og staten til hovudsak i
debatten om den lokale eigedomsskatten. På dette grunnlaget stilte
lokale representantar for Rødt opp i lag med Ap i tv-debattar. Ramma
og «dramaturgien » gjorde at framifrå debattinnsats ikkje kunne
hjelpe stort på inntrykket av Rødt som Aps partnar i
skattepolitikken.
BROTT
I SAMARBEIDET I BODØ
Så
opplevde vi før sommaren 2018 at Ap likevel sa opp samarbeidsavtalen
med Rødt i Bodø,
og fikk SV, Sp og MDG med på det. Den utløysande årsaka var at to
av Rødts representantar
i bystyret offentlig hadde kritisert innhald og prosess da seks
hundre tusen knappe
kulturkroner blei sett av til å importere ein internasjonal kjent
fotokunstnar for å «profilere»
Bodø som kandidat til å bli europeisk kulturhovudstad gjennom foto
av nakne bodøværingar.
Da hadde det lenge ulma i kulturmiljøet over manglande kommunal
satsing
på
lokale kulturytringar. Rødt Bodø svarte på utstøytinga med at Ap
hadde pressa gjennom ei form for kvasiparlamentarisme i Bodø, der
dei store debattane blir tatt på bakrommet mellom samarbeidspartia
fjernt frå innbyggarane. Etter at konsekvensane for
folk av modellen for eigedomsskatten blei klar våren 2016, foreslo
Rødt Bodø tre grep for å lette trykket for noen av dei gruppene
som blei hardast ramma. Forslaget blei sett fram offentlig, sånt
gikk jo ikkje an! Men tennerskjerande måtte Ap gå med på å heve
botnfrådraget noe, og stemme for å greie ut om
skattetakstmodellen,som er i bruk for eksempel i Oslo, vil gi ei meir
rettferdig fordeling. Men da Rødt ville minne om dette i
budsjettetvedtaket for 2018, la Ap ned veto. Her gikk grensa for å
fremme eigen politikk!
Ein
langvarig kamp for å berge dei store Rønvik-jordene rett ved
bykjerna frå nedbygging, såg
ut til å vere vunne etter kommunevalet i 2015, fordi Ap snudde for å
få MDGs eine og avgjørande stemme i ordførarvalet. Men som Rødt
spådde da Ap braut samarbeidet med
Rødt, braut partiet rett etter også samarbeidsavtalen om
Rønvik-jordene og blei igjen ein
del av dei såkalte betongkameratane av Ap, Høgre og Frp i denne
viktige jordvernsaka. Etter dette hadde MDG fått nok og braut ut,
mens SV i «god» tradisjon vedtok at dei trass i alt ville fortsette
det organiserte samarbeidet for å ha ei hand på rattet om
Rønvik-Jordene. Og Senterpartiet? Med pragmatismen som ideologisk
grunnvoll følgte dei Ap!
Betyr
eksemplet Bodø at samarbeidsavtalar for ein fleirtalsposisjon må
føre til avmakt heller enn makt? Nei. Samarbeidsavtalen i Bodø
etter kommunevalet i 2015 betydde for eksempel at eit nytt tilbod for
rus og psykiatri, som hadde stått tomt etter ferdigstillinga, raskt
blei tatt i bruk. Det var Rødts viktigaste sak i valkampen.
Byutvikling og utbyggingssaker var derimot unntatt frå
samarbeidsavtalen, med unntak av Rønvik-jordene.
Da
Synne H. Bjørbæk frå Rødt var valt til varaordførar i Bodø,
trykte Avisa Nordland kommentaren
«Vaktbikkje med lebestift». Men det viste seg ikkje uventa at
Bjørbæk hadde skarpe tenner bak leppene. At varaordføraren har
halde ein høg profil i den politiske debatten, som mot hotellkongen
Buchardts planar for eit tårnhotell på Bodøs utkikkspunkt Turisthytteplatået,
har nok falle Ap svært tungt for brystet.
FOLKEVALTE
ORGAN OG MOTMAKTA
For
å skjelne mellom gode og dårlige kompromiss i eit
fleirtalssamarbeid, kan det vere nyttig å bruke motmaktkriteriet:
Vil det aktuelle tiltaket styrke folks motmakt mot
mindretalsinteresser, statlig høgrepolitikk og imperialistiske
krefter utafor landet – eller vil effekten vere motsett?
Avhengig
av styrken i rørslene utafor kan
folkevalte organ som
kommunestyre eller fylkesting fungere som del av motmakta.
Kommunestyra i Trondheim og Tromsø med Ap på
laget, går inn for lokal boikott av varer frå palestinske område
okkupert av Israel. Fylkestinget i Finnmark er per dato ein del av
motmakta mot sentraliseringskåt høgrepolitikk.
Det
same var mange kommunestyre da kommunereforma blei pressa gjennom,
mens andre fall til fote uten kamp. Eit vilkår for å bidra til
motmakta, er nok også at formannskapsmodellen blir tatt på alvor.
Ofte blir begrepet «posisjonen» brukt som det er ei slags lokal
regjering, med den innskrenkinga i politisk sjølstende for partia
som lett følger med. Faren for å bli gissel også
i
fleirtalssamarbeid lokalt er uansett stor, for eksempel ved å bli
ansvarlig for usosiale kutt i budsjettsamarbeidet. Den dagen
mobilisering i lokalsamfunnet blir eit problem for eit sosialistisk
parti, er det iallfall på tide å bryte ut og finne vegen tilbake
til alliansen med motstandsrørslene.
Å
delta i lokale by- og fylkesregjeringar (by- og fylkesråd) verkar
allment å vere i strid med
ein motmaktstrategi. Vi har vore inne på før: At Rødts står
utafor byregjeringa i Oslo, samtidig
som partiet er ein del av fleirtalet, er kanskje noe av forklaringa
på Rødts gjennombrott som riksparti fordi det gjorde avgjørande og
synlige initiativ mot søppelskandalen våren 2017 mulig. Den frie
stillinga på Stortinget har ikkje ført Rødt inn i «skyggenes dal»
der Hanna Kvanmo frykta SV ville hamne etter høgre-sigeren og Kåre
Willochs første regjering i 1981. Tvert om har Rødt utnytta si
uavhengige stilling til å sette premissane, med fjerninga av
Listhaug frå regjeringa som det mest synlige eksemplet. Dei andre i
opposisjonen, også SV, var i utgangspunktet mot Rødts initiativ for
mistillit mot Listhaug.
Ein
medveten og fleksibel motmaktstrategi er nødvendig for å nå særlig
arbeidsfolk som står under innflytelse av dei pro-imperialistiske
leiarane i Ap og Frp. Særlig overfor Ap må samarbeid og kamp veksle
ut frå situasjonen og ikkje minst styrkeforholdet mellom ulike
linjer i fagrørsla og i Ap. Å legge seg for tett opp til Ap
generelt, vil ikkje minst vere ei gavepakke til Frp. Rødts oppgave
er ikkje å gjenreise sosialdemokratiet, men å vinne folka som
soknar dit for klassesolidaritet, internasjonal solidaritet og ein
antiimperialistisk fredspolitikk. At Ap er komme ut med full støtte
til Høgres undergraving av basepolitikken frå femtitalet og for
permanente USA-basar på norsk jord i fredstid, gjør ikkje dette
mindre nødvendig. Kampen mot kraftkablane til utlandet og
tilslutning til EUs energibyrå Acer illustrerer det same poenget.
Her blei den EU-lojale leiinga i Ap eit godt stykke på veg isolert
frå viktige delar av kjerneproletariatet i den kraftkrevande
industrien, som mobiliserte i sine fylke og opplevde Rødt som eit
sterkt talerøyr på Stortinget.
To
element i ein motmaktstrategi er politisk avstand til dei reelle
maktsentra og mobilisering av folkelige krefter nedafrå. Ein slik
strategi er også til gagn for det offentlige, demokratisk
ordskiftet og utviklinga av politiske alternativ til den førte
politikken. Den bidrar
slik til å forsvare eller utvide grensene for demokratiet også på
kort sikt. Som før nemnt
er organisasjons- og samarbeidsformer middel i ein strategi, for å
nå eit mål. Ettersom målet er eit sosialistisk samfunn med eit
langt meir avansert demokrati og større folkelig deltaking enn i
dagens system, er det også samsvar mellom mål og middel i denne
strategien.
RØDT
OG FRAMTIDAS ORGANISERING
Heller
ikkje dagens Rødt er det endelige svaret på spørsmålet om
organisering av venstrekreftene. Ikkje minst må politisk aktive på
venstresida få gjøre sine eigne erfaringar og trekke sine eigne
slutningar. Ulikt syn på strategi må ikkje stå i vegen for
samarbeid og aksjonsfellesskap, også mellom partia. Felles fora for
debatt om strategiske linjer og om historiske og samtidige erfaringar
bør komme. Men skillet mellom å søke makt på kapitalens premiss
og å bygge motmakt gjennom mobilisering nedafrå gjeld det
politiske arbeidet her og no – og dreier seg ikkje om ein fjern
«verdensanskuelse».
Og
her er Rødt, nettopp fordi fordi partiet står i ein revolusjonær
tradisjon, eit bedre utgangspunkt
enn SV. Med sitt halvhjarta oppgjør med partiets tilslutning til
Nato-krigane mellom
1999 og 2011, sin lett justerte regjeringsstrategi og årelange
lokalpolitiske praksis
på Aps premissar i alt for mange kommunestyre og fylkesting, har SV
fleire handikap enn Rødt. Om Rødt skal kunne tilføre den
framtidige organiseringa på venstresida noe av verkelig verdi, må
partiet forstå og foredle sine sterke sider. Og heller utvikle seg
ut frå sine særpreg enn å risikere og tape fotfeste i jakta på
modernisering og ein meir lekker fasade. Både beinskjørheit og
ungdomssløvsinn er ein trussel mot Rødt revolusjonære sjel.
Spørsmålet
er heller: Korleis kan Rødts styrke si revolusjonære sjel og
aktivisere nye og gamle medlemmer? Eit parti med langt fleire
medlemmer skolert i marxistisk teori og samfunnsforståelse vil også
kunne ha politisk tyngd til å prøve ut nye samarbeidsformer med
andre parti, også valsamarbeid. Men der er vi ikkje i dag.