Tuesday, October 2, 2018

Makt, motmakt og strategi for sosialisme




Av Røed - Selvfotografert, CC BY-SA 2.5, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2273809
Gjesteblogger Brigt Kristensen

Mangeårig lokalpolitikar for RV og Rødt i Bodø.
Denne artikkelen er første gang trykket i tidskriftet GNIST nr 3-2018.Gnist


Etter siste stortingsval har det vore tilløp til debatt om vegen vidare for Rødt og SV. Debatt var det også etter stortingsvalet i 2013. Da var veike valresultat for begge parti bakteppet for at fleire ville slå dei to partia i hop. Etter relativ suksess i siste stortingsval har noen komme til same konklusjon, eventuelt også med MDG på laget og etter ein prosess med utvida samarbeid.


Da Rødt fikk stabil framgang på meiningsmålingane våren 2018 etter offensivt arbeid på Stortinget, avfødde det heftige angrep på Rødt i media – med borgarlige penneknektar og ideologar som VGs Hanne Skartveit og Kristin Clemet frå Civita i brodden.

Angrepspunkt:

Rødt går inn for noe så gammaldags og friheitsfiendtlig som eit sosialistisk samfunn!


Denne artikkelen argumenterer for at val av langsiktig strategi for eit sosialistisk alternativ til kapitalisme og imperialisme også må avgjøre dagens partiorganisering og samarbeidsformene til venstre for Ap – og forholdet til Ap. Motmakt er også makt – og å søke makt under kapitalismen må skje gjennom ein motmaktstrategi dersom ikkje venstrekreftene skal ende opp med «makt» på systemets premissar – i praksis som lydige tenarar for internasjonal storkapital gjennom NATO og EU, slik utviklingsbana har vore for det internasjonale sosialdemokratiet.Også dei nye, opposisjonelle rørslene til venstre for det tradisjonelle sosialdemokratiet kan få denne lagnaden. Eit ferskt eksempel er Syrizas omvandling på tre-fire år frå folkelig kraft mot systemet til iverksettar av EU, Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondets sjokkterapi mot Hellas.


Strategien med å søke regjeringsmakt under kapitalismen har i liten grad levert dei siste åra. Den klassiske debatten om ministersosialisme og reformistisk eller revolusjonær strategi er igjen aktuell, ironisk nok også i det kortsiktige perspektivet. SV gikk tilbake frå 12, 5 til 4,1 prosent frå 2001 til 2013, etter at partiet «endelig» kom i regjering. «SV-fella» blei eit begrep og viser til at det ikkje er sikkert at denne typen «makt» gir framgang på kort sikt heller, og kanskje aller minst for parti med ein systemkritisk retorikk.

MAKT OG MOTMAKT – TO STRATEGIAR



For å framsnakke SV sin regjeringsstrategi uttalte SV-leiarar etter valnederlaget i 2013 at «SV har oppnådd meir i 8 år i regjering enn i alle år partiet har eksistert til saman». Det fikk SV-veteranen Stein Ørnhøi til syrlig å bemerke at siger i to omgangar, i 1972 og 1994, i å halde Norge utafor EU altså ikkje var stort å snakke om. Å ville oppnå resultat i politikken blir i denne tankegangen det same som «å søke makt» – som igjen blir påstått å bety å gå i regjering når sjansen byr seg. Arbeid i masserørslene utafor statsapparatet og i opposisjon, oppbygginga av motmakt, er per definisjon resultatlaust i denne tankeverda. I staden for å søke makt i regjering for ein kvar pris, etterlyste Ørnhøi motmakt til dei faktiske makthavarane. Aller minst forstår dei systemlojale at makt uten styrke blir avmakt, slik SV-aren Arne Overrein skreiv. Men også Ørnhøi og Overrein undervurderte dei strukturelle grensene for forandring via dagens statsapparat – og Ap-toppen si binding til storkapitalen, EU og Nato. 10 eller 15 prosent i val er etter denne debattantens syn ein svært mangelfull styrke for å unngå å bli avmektig gissel i regjering. Imperialismen og statens klassekarakter er blitt fremmendord for mange på venstresida.


Derfor blir skuffelse over at makt ofte blir avmakt i regjering gjerne ein dom over moralsk svik. Langt viktigare er innsikt i at «sviket» heller er ei systemnødvendig følge av ein bestemt strategi – ein strategi som søker «makt» på grunnlag av Nato og EØS-avtalen, altså med imperialismen og kapitalens herredømme som premiss.


Skjønnmalinga av regjeringsposisjonen og nedvurderinga av arbeidet i opposisjon og det utanomparlamentariske arbeidet, som Ørnhøi tok opp, kjem av eit naivt syn på kor makta ligg i eit kapitalistisk klassesamfunn: I det rådande synet er Storting og regjering eit direkte uttrykk for folkeviljen og demokratiet. Derfor er det ei plikt å søke ein flik av regjeringsmakta i dette systemet.


Det er kanskje elementært, men likevel:

Historia, ikkje berre dei åtte åra med rød-grøn regjering, viser at klassemakta også dikterer fra kommandohøgdene i bank- og finansvesenet, og styreromma i storkonserna. Det er kalt makta bak makta, klassediktaturet bak det politiske demokratiet. Imperialistiske interesser sikrar seg gjennom Nato og EØS. Her ligg forklaringa på at «makt» på desse premissane ofte blir avmakt. Eller enda verre: I staden for folkets motmakt blir det makt mot folket.

MINISTERSOSIALISME ELLER REVOLUSJONÆR STRATEGI




Diskusjonen om strategi og makt har løpt gjennom arbeidarrørsla frå starten, Den klassiske debatten om reform eller revolusjon er meir enn 100 år gammal. Dei første ministersosialistane trudde deltaking i regjering ville gi arbeidsfolket reell makt. I staden er kapitalens banemenn (sosialistane) gong på gong gjennom historia blitt gislar for makta og forvandla til instrument for kapitalkreftene.


I SV og Rødts forhistorie var diskusjonen om fellinga av Gerhardsens regjering i 1963 ein del av dette, og temaet sto sentralt i kløyvinga av SF i 1969. Alt før ml-perioden advarte vi på landsmøtet i SUF i 1967 moderpartiet mot samarbeid på topplan med Ap for å administrere kapitalismen. Og dagens ministersosialistar har knapt noen politiske mål som kan rokke ved kapitalkreftenes makt. Lokalt har mange fått oppleve Ap og SV i fleirtalsposisjon i kommunestyre- og fylkesting som systemlojale kuttpolitikarar og vaktarar av den heilage budsjettbalanse. Historisk var ministersosialistane villige til å gå i koalisjon med ikkje-sosialistiske parti i regjering for å administrere det borgarlige samfunnet. I min språkbruk er den minister-sosialistiske strategien også å satse på at stadig større oppslutning i val til slutt vil gi regjeringsmakt, og dermed makt til å omdanne samfunnet og innføre sosialismen frå toppen. Etter som Ap ikkje på mange år har hatt sosialisme som mål, kan vi slå fast at SVs strategi er ministersosialisme
også i den første betydninga. Men ingen parti, heller ikkje Rødt, er konsolidert på at også den andre «varianten» i sitt vesen er av same type – og like fjern frå verkeligheita om målet er eit anna samfunn og ei anna verd. For strategi og organisering må tene målet.


Og målet må vere:

−− å avkaffe kapitalismen og systemet med at eit mindretal lever feitt på andres arbeid.

−− å avskaffe imperialismen, som er kapitalisme globalt, dominert av fleirnasjonale konsern i kappestrid om ressursar og marknader, med utarming og stadig nye krigar som resultat.

−− avskaffe profittsystemet som drivkraft for utvikling, fordi det truer jordas tåleevne 
– og tenderer til å redusere mellommenneskelige forhold til kjøp og sal.


Og så erstatte dette systemet med eit fellesskapssamfunn, der ressursar, produksjon og velferd er ansvaret til fellesskapet gjennom eit utstrakt og desentralisert folkestyre. Noen har kalt første fase sosialisme og andre fase kommunisme i ei sånn utvikling, Marx snakka om kommunismens to fasar.


Rødt kaller seg eit revolusjonært, sosialistisk parti. 
Ka betår det revolusjonære i ?


Eit kvalitativt anna samfunn enn dagens er målet, det er vel revolusjonært? Ja, det òg! Men skillet mellom reformistar og revolusjonære for eksempel på tjuetalet i Norge, gikk ikkje først og fremst der. Til og med da det var tre arbeidarparti hadde alle – også høgresosialistane i Norges sosialdemokratiske parti – sosialisering av produksjonsmidla på programmet. Reformistar og revolusjonære hadde langt på veg same mål. Skillet gikk på analyse, strategi og arbeidsmåte.


Reformistane meinte som nemnt at ei gradvis utvikling med reformar vedtatt av Stortinget skulle gi makta også over det økonomiske livet til arbeidarklasssen og folket. Synet til den revolusjonære retninga derimot var at berre massemobilisering, særlig på dei store arbeidsplassane, kunne gi ein maktbase for å gripe samfunnsmakta direkte, eller iallfall hindre at overklassen, borgarskapet, saboterte ein valsiger for arbeidarrørsla. 

Seinare gikk Ap over til det reformistiske standpunktet med gradvise reformar som veg til eit sosialistisk samfunn – for så etter 2. verdskrigen å lande på regulert kapitalisme og Nato-politikk som sitt grunnlag. Under Stoltenbergs første regjering var partiet spydspiss for nyliberalisme og privatisering. Vi kan kalle det sosialdemokratiets fjerde fase.


SF og SV starta som reformistiske sosialistar, og sneia på 70-talet innom eit revolusjonært standpunkt. Under Solheim og Halvorsen på 90-talet blei sosialismen i realiteten avskaffa, målet blei kapitalisme med eit menneskelig ansikt. Alt før regjeringsposisjonen kom støtte til Nato-krigane i Jugoslavia og Afghanistan, i regjering bombinga i Libya med venstrefløy-toppen, dagens partileiar Audun Lysbakken, entusiastisk på laget. Altså er det blitt svært så romslig politisk til venstre for SV. Rødt kan utnytte dette, men uten å følge med i Ap og SVs glideflukt mot høgre. Rødt kan «ta rommet», men uten å flytte seg til høgre i rommet. Skulle Rødt få stor oppslutning med SVs og Aps maktstrategi i bagasjen, er det min påstand at partiet vil få ein tilsvarande utviklingsbane. Det er systemnødvendig, og ikkje eit spørsmål om moral.

REVOLUSJONÆR OVERGANG




I ein realistisk sosialistisk strategi er massemobilisering og utvikling av maktorgan nedafrå

nøkkelen, av minst fire grunnar:

−− For å beslaglegge kapital fysisk og motverke økonomisk sabotasje frå økonomiske

maktsentra mot ei folkevalt, sosialistisk regjering.

−− For å sette demokratisk bestemt politikk ut i livet der delar av statsapparatet vil sabotere.

−− For å hindre militærkupp.

−−Og ikkje minst: Fordi berre sosialisme skapt nedafrå kan bli levedyktig. Det viser

erfaringane både frå forsøk med kommunistisk statssosialisme og sosialdemokratisk

statssosialisme meir enn tydelig. Både av parti i den kommunistiske Komintern-tradisjonen og sosialdemokratiske parti har Rødt mykje å lære, men som strategiske alternativ har begge retningane utspelt sin rolle. 

Grovt sett er det mulig å sjå for seg to scenario der ei ny arbeidar- og folkemakt nedafrå tar over samfunnsmakta. Enten har vi ein revolusjonær situasjon der makta «ligg i gata», dei parlamentariske organa er ute av funksjon – og ei revolusjonær rørsle «tar» makta på klassisk revolusjonært vis. For å skaffe legitimitet og legalitet, er det da avgjørande viktig at den nye makta (parti/koalisjon av krefter) raskt gjennomfører frie val – og respekterer resultatet.


Eller: Eit revolusjonært parti eller ein koalisjon i spissen for ei brei masserørsle får regjeringsmakt i ein turbulent, nesten-revolusjonær situasjon etter val i dagens politiske system. Da vil denne regjeringa være avhengig av masserørsla for å hindre sabotasje og skape ein reell maktbase for å innføre eit nytt system. Utanom slike situasjonar vil «maktvegring» stort sett vere det rette for eit revolusjonært parti. I heilt spesielle situasjonar, for eksempel viss regjeringsdeltaking er det som skal til for å få Norge ut av Nato eller EØS, kan det likevel vere grunn til å diskutere om tidsavgrensa deltaking i regjering kan forsvares under dagens system.


Så har vel historia eksempel på at revolusjonære parti så å seie blir «tvinga» inn i regjering, fordi partiets massebasis krev det – og maktvegring vil undergrave tilliten til partietfullstendig. Altså når forventningane er store og fleirtalet ønsker store endringar. (NB: Ein situasjon nokså forskjellig frå diskusjonen som er referert i SV i 2013 om 10 eller 15 prosent for å gå i regjering). Da må partiet iallfall bruke regjeringsposisjonen til å stimulere masserørsla til å handle, ta over bedrifter og liknande. Og vi kan ikkje sjå vekk frå at revolusjonære endringar kan skje i etappar over fleire år, gjennom skarp konflikt.


Betyr dette at det er nyttelaust å arbeide for reformer under kapitalismen? Sjølsagt ikkje.

Rosa Luxemburg kalte reformene revolusjonens biprodukt. «Vi vil ikkje ha ein større bit

av kaka, vi vil ha heile det fordømte bakeriet», stod det flott og revolusjonært på eit jakkemerke i punketida først på 80-talet. Men dei som vil ha heile bakeriet, er ofte godt skodd også for å kjempe for ein større bit av kaka for arbeidsfolket.

RØDTS REVOLUSJONÆRE SJEL




For Magnus Marsdal i Manifest var det etter siste stortingsval eit viktig poeng at SV og Rødt med Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes i front hadde stått fram som «politiske tvillingar» i valkampen. Og rett skal vere rett: Lysbakken stilte med nyoppussa profil og retorikk, og 8 år i regjering på passe avstand, mens Moxnes hadde ein meir konkret politikk og taktikk enn før. Når begge i tillegg er moderne menn i trettiåra blir det vanskelig å få auge på skilnaden. Men i fleire tiår har sjeldan programsakene danna eit viktig skille mellom RV/Rødt og SV. Likevel har partia i den politiske praksisen ofte skilt lag, både lokalt og i rikspolitikken. Det kjem av forskjellig analyse av makta og ulik politisk strategi. Ka er så Rødts styrke framfor for eksempel SV? Ka er haldbar grunngiving for eit parti til venstre for dagens SV? Er Rødt-folk dyktigare, snillare eller meir kompromisslause menneske enn SV-folk? Neppe. Min påstand er at dei ulikheitene vi kan observere mellom dei to partia sin praksis, som er til Rødt sin fordel, er avleidd av at SV er eit reformistisk parti , mens Rødt ein stad der inne enno har ei revolusjonær sjel.


«Ikke til salgs» stod det på Rødts løpesedlar i valkampen i 2013. Igjen: Korfor kunne Rødt skilte med det? Er Rødt av ein høgare moralsk orden? Rødt-folk gjør mange stader ein strålande innsats for å ivareta folks interesser som folkevalte og som tillitsvalte i interesseorganisasjonar. Sjølsagt speller personlige eigenskapar ein rolle. Men politisk heng Rødts sterke sider i hop med ein tradisjon av marxistisk maktanalyse, som gjør at Rødt-folk ikkje så lett lar seg kjøpe eller falle til fote for makta. Og når mange i Rødt legg mykje krefter i årelangt freds- og solidaritetsarbeid, kjem det neppe berre av medkjensle og evne til empati.

Engasjementet er nødvendig fordi det har feste i ein grunnforståelse av ka som må til for å avskaffe krig, nød og undertrykking. Denne grunnforståelsen er revolusjonært sosialistisk. Og sjukehusaktivistar frå Rødt landet rundt har i ryggmargen at berre kamp gir siger, massemobilisering må til. Rødt er ikkje lobbyistane og First House sitt førsteval.


Det var Rødt-leiar Moxnes og ikkje SV-leiar Lysbakken som uttalte dette til Klassekampen 16. august før valet: «Me skal ikkje gå i SV-fella og sluke kamelar til morgon og kveld. Der er Støre og eg einige.» Dette sa Moxnes etter at Støre hadde fått kritikk langt inn i Ap for å markere avstand til Rødt (og MDG).


I stortingsvalet i Nordland stilte to damer i front for SV og Rødt. I den tv-sendte NRK-debatten for Nordland i Bodø 6. september, fikk SV-kandidaten Mona Fagerås dette spørsmålet frå salen: «Kan SV garantere at ei ny rødgrønn regjering ikke vil støtte norsk krigsdeltakelse i USA-ledede kriger?» Ifølge opptak svarte Fagerås: «Det er jo vårt primærstandpunkt, og vi meiner jo at utenlandsoperasjoner skal ledes av FN, og ikke av NATO. Så er det selvfølgelig sånn at viss man går inn i ei regjering, må man være med på forskjellige rare ting. […]» Litt snubling i ein hektisk debatt, eller eit teikn på kor grunt SVs sjøloppgjør har vore? Resten av svaret til den nyvalte stortingsrepresentanten tyder på det siste. Her var poenget med FN-mandat å gi krigane større legitimitet i verdssamfunnet! Rødts førstekandidat, Synne H. Bjørbæk nytta dei høva ho fikk i valkampen, i debatt, innlegg og med eigen video til å agitere mot Norge som krigsnasjon.


Ka betyr denne analysen for praksis i dag?


Det betyr for det første at eit revolusjonært parti må jobbe i – og i tett samarbeid med – dei store folkerørslene, fagbevegelsen, kvinnebebegelsen, miljøbevegelsen, freds- og solidaritetsbevegelsen, den antirasistiske bevegelsen.

Partiets tyngdepunkt må ligge i det utanomparlamentariske arbeidet. 

For det andre er det viktig å utvikle systemkritikken og heilheitlige alternativ til dagens politikk, visjonen av eit nytt samfunn, studiearbeidet og skoleringa.


For å få eit bilde av partiet si rolle i ein langsiktig strategi, kan det vere nyttig å sjå for seg to aksar, eller kanskje heller ein sirkel rundt der vi står i dag, og ei pil framover. Sirkelen betyr at partiet må arbeide for å smi breiast mulig alliansar mellom grupper som kan ha felles interesser mot kapitalkreftene i dagskampen. Behovet for å få fagbevegelsen og miljøbevegelsen til å dra i same retning seier seg sjøl. Arbeidet damene i Akp frå 80-talet, no i Rødt, har gjort i «Kvinner på tvers» for å samle kvinnedominerte fagorganisasjonar og kvinneorganisasjonar, er eit forbilde. «Foren folket – splitt fienden» er ein strategisk og taktisk formular av klasse! Pila betyr at partiet må arbeide for å knytte kampen i dag til det langsiktige målet – eit sosialistisk og etter kvart klasselaust samfunn.


Å knytte kampen i dag til det langsiktige målet, betyr å kjempe for reformer som tar samfunnsområde ut av marknadsmakta, for eksempel i bustadpolitikken. Kollektivtrafikk, jordvern, å gjenerobre fiskeriallmenningen, forsvar for allemannsretten og strandsona er andre felt der den strategiske betydninga er openberr. Det same er sjølsagt forsvaret for og utviding av offentlige velferdsordningar og kulturtilbod som gratis bibliotek.

For å fungere langs begge aksane er allsidigheit eit prinsipp å etterstreve. 

Partiet må sameine økonomisk, politisk og teoretisk kamp. Kamp gjennom fagbevegelsen og i tariffoppgjør for lønns- og arbeidsvilkår er økonomisk kamp. Krig og fred. miljø, asyl og innvandring, avsløring av overvaking, korrupsjon og overgrep mot demokratiske rettar er politiske kampfelt. Systemkritikk og kamp om samfunnsforståelsen er teoretisk kamp.


Rett etter stortingsvalet i 2013 argumenterte partileiar Bjørnar Moxnes og Mari Eifring, som da var partisekretær, for SV og Rødt som to nisjeparti, med innretting på kvar sin sosiale nisje. SV skulle som før vere dei radikale mellomlaga sitt parti, og Rødt bli partiet til unge arbeidarar. Partifilosofien bak dette forslaget er fjernt frå den som er forsøkt skissert i denne artikkelen. Det er det også å sentrere alt politisk arbeid om økonomiske forskjellar, ei linje som lett forfell til det som er kalt økonomisme.


Denne partioppfatninga er sjølsagt ikkje til hinder for å satse på å bryte gjennom med politikk for arbeidslivet, og rekruttere spesielt blant unge, opprørske arbeidarar. Trulig har det skjedd, særlig i dei siste to-tre åra. Framifrå! Men det kan ikkje erstatte allsidig, revolusjonært arbeid.

Ei av Rødt sterke sider er evna til å knyte i hop parlamentarisk og utanomparlamentarisk arbeid. Det er Rødts varemerke, krumtappen i Rødts revolusjonære sjel. (Av mangel på bedre metafor.) Om ein enkelt faktor skal trekkes fram for å forklare Rødts relative suksess i nord, trur eg vi finn han i vellykt samspell mellom parlamentarisk og utanomparlamentarisk arbeid.

PARLAMENTARISK ARBEID MED REVOLUSJONÆRT TILSNITT




Så litt om om parlamentarisk arbeid, helst revolusjonært parlamentarisk arbeid – altså arbeid i kommunestyra, fylkesting og Storting. Her er vi til ein viss forstand på motpartens arena, i «maktas korridorar», samtidig som vi representerer ambisjonen om folkevalt styring mot alle krefter som vil begrense den graden av demokrati som blei kjempa gjennom mot høgrekreftene fram til allmenn stemmerett i 1913.


Det første poenget er at plass i folkevalte forsamlingar i dagens Norge er eit vilkår for å bli tatt alvorlig som politisk parti. Bruken av talarstolen som folketribun, medias, riktig nok skiftande, interesse gir likevel ein arena for å fram eit heilskaplig politisk alternativ. 

For det andre opnar plass i kommunestyre, fylkesting og Storting for utstrakt grad av kontakt med folk, for å jobbe etter masselinja som det heitte før, for kontakt med enkeltpersonar og fagorganisasjonar og interesseorganisasjonar som Handikapforbundet eller organisasjonar for pårørande som Landslaget for pårørande i psykisk helse (LPP) og Norsk forbund for utviklingshemma (NFU). Representantar for partiet blir kontakta og det er naturlig at også partiet tar kontakt. Noen set utrulig pris på det siste, Og det kan bidra til å bygge alliansar mellom ulike folkelige krefter. 

For det tredje kan folkevalte få tak i kunnskap og av og til avsløre sensitive saker som dei kan dele med berørte eller få ut i offentligheita.

Det kan forbedre saksbehandling, graden av demokrati i offentlig forvaltning og legge litt band på mektige særinteresser. Og som biprodukt kan ein lære mykje, til og med om kommunen ein bur i, faktisk også av traurige utgreiingar og saksframlegg.


Og for det fjerde kan revolusjonære folkevalte faktisk på denne måten bidra til politiske vedtak, som er viktige for dei det gjeld. Etter knapt eit år på Stortinget har Rødt vore meir synlig og fått meir til enn dei fleste hadde venta – som konstruktiv og offensiv opposisjon i opposisjonen! Rødt har vore plogen som brøyta veg for at fleirtalet fikk fjerna ein statsråd som appellerte til dei brunaste elementa i folket. Men også mindre sigrar på lokalt nivå er viktige i ein revolusjonær strategi. Det handlar om å bygge tillit. Og tillit er eit strategisk forhold.


Av eit revolusjonært standpunkt følger altså i det parlamentariske arbeid etter evne å:

−− halde tett kontakt med dei som er berørt av politisk vedtak, om mulig stimulere lokal motstand.

−− bryte pålagte spellereglar, og dele informasjon som for eksempel administrasjonen vil halde skjult for dei som er berørt når dette er viktig.

−− stille alternativ forståelse opp mot den «offisielle», når det gjeld for eksempel «rammelogikken» som på falskt grunnlag vil innbille offentligheit og ansatte at kommuneøkonomien er å samanlikne med din huashaldsøkonomi.


For å skjule at den kommunale firkanten berre er ein bit av ein søkkfull statssekk, og at kamp mot usosiale kutt er ein del av kampen om fordelinga i samfunnet mellom offentlig fattigdom og privat velstand. Rødt har ein tradisjon for å vise ansvar nedover, ikkje oppover.

−− ikkje la seg begrense i tema, men også reise for eksempel internasjonale spørsmål

For artikkelforfattaren har arbeidet mot kommunen si nasking frå eldremilliarden i 1990/91, mot Nato-jubileet i bombebyen Bodø og bombinga i Jugoslavia i 1999 og kampen mot privatisering i Saltstraumen i 2006/08 vore tre høgdepunkt i parlamentarisk arbeid arbeid i skjeringspunktet mot det utanomparlamentariske. Alle tre med islett av rikspolitisk betydning.



Kampen om eldremilliarden handla om «rammeforståelsen», hadde innslag av avløring av det fordekte, skapte engasjement i pensjonistforeningane – og ga 8,8 millionar årlig i rammeauke i eldreomsorgen. Trulig var denne saka viktigare enn Glasshuset (omgjøringa av sentrumsgater i Bodø til eit kjøpesenter) for at RV auka frå ein til fire ved kommunevalet i 1991.



Det lyktes å redusere omfanget av feiringa av Nato-jubileet i Bodø i 1999 midt under bombinga av Jugoslavia, til sterk gremmelse for høgreordføraren. RV-initiativ i kommunestyret ga grunnlag for RV-initiativ for å danne Bodø-nettverk mot krig, som seinare blei til Fredsbevegelsen i Bodø med omfattande aktivitet mot krigane i Irak og Afghanistan, i den siste saka også med riksdekkande opprop for å hente norske bombefly heim.



Initiativet for å stoppe vedtatte utbyggingssaker i Saltstraumen kom til RV utafrå. Men uten plass i kommunestyret hadde vi ikkje kunne utnytte feil i saksbehandlinga til å få saka opp på nytt. Dermed blei det mulig gjennom omfattande mobilisering å få stoppa utbygginga både i Ripnes på innsida og Knaplundsbukta på utsida av Saltstraumen. Og vi kunne avdekke ulovlig godkjent reguleringsplan først i Ripnes og så ulovlig utbygging av Løpshavn. Som igjen førte til at fleire skandaleprega byggesaker i Bodø sentrum kom fram i lyset.

Som vi ser, kan initiativ i kommunestyret like gjerne slå ut i bevegelse utafor som omvendt. Og det er fullt mulig å vinne fram i den politiske kampen, også uten å vere med i eit avtalefesta fleirtal, den såkalla «posisjonen». Også i Rødt er trulig den grunnleggande forståelsen for det utanomparlamentariske arbeidets forrang for liten. Alt for mange lag er trulig eit vedheng til kommunestyregruppa. På mindre plassar med liten kapasitet, er det vanskelig å unngå. Likevel er allsidig arbeid viktig å streve etter. Og Rødt har veldig mykje positiv lærdom å bygge på når det gjeld å utvikle praksis for gjensidig styrking av arbeidet i kommunestyre/fylkesting og arbeidet utafor.


Her er det viktig å understreke:



For det første betyr sjølsagt ikkje oppfatninga av at utanomparlamentarisk arbeid må vere det viktigaste for eit revolusjonært parti, at for eksempel den som er tillitsvalt i ei fagforening dermed har ei viktigare oppgåve enn ho som sit i kommunestyret. Og det betyr like lite at aktivisten som brukar mykje tid på solidaritetsarbeid, gjør mindreverdig arbeid jamført med andre. Utfordringa for Rødt som parti er både å sjå kvar enkelt sin innsats, og å utvikle miljø og former for oppfølging av dei ulike kampfelta, samtidig som evna til sjølstendig jobbing blir ivaretatt.



For det andre: Nedprioritering av arbeid i kommunestyre, og på Stortinget, kan også uttrykke oppvurdering av sektorkamp framfor politisk kamp og synliggjøring av partiet som heilskaplig alternativ. Det skjer lett under dekke av å prioritere utanomparlamentarisk kamp, men er ikkje særlig «venstre». Sett frå nord for Polarsirkelen, er det forbausande at etablerte Rødt-miljø i store kommunar og mellomstore byar på Austlandet ikkje slår gjennom i lokalpolitikken. Kan det ha å gjøre med denne tankegangen?


Men i mitt hau er altså det parlamentariske arbeidet meir ein reidskap for å styrke det utanomparlamentariske enn omvendt.

Generelt må eit revolusjonært parti ha fornuftig arbeidsdeling, dersom det også skal utvikle for eksempel faglig arbeid, kvinnearbeid, miljøarbeid og solidaritetsarbeidet over heile landet.


Kommunestyregruppa må på si side ha ei open dør for innspell og forslag. Lagsleiar og gruppeleiar må avtale ka for viktige spørsmål som skal avgjøres på lagsmøta. Det er partiet som skal bestemme politikken. Gruppa må av same grunn vere representert i styret. Og gruppa bør rapportere jamt til medlemmene, uten å dynge folk ned med informasjon. Altså fornuftig arbeidsdeling igjen.

FLEIRTALSSAMARBEID LOKALT




Dei svært gode resultata i lokalvala i 2015 i Nordland og i Tromsø, og i ei handfull kommunar i Sør-Norge, bidrog til at Rødt har fått nye erfaringar med å delta i ulike former for fleirtalssamarbeid. I siste kommuneval blei Rødt tredje største parti i fire byar i Nordland, og fikk over 12 prosent ved fylkesvalet i to andre kommunar i fylket. 14,4 prosent i kommunevalet i Tromsø var topp i nord, likevel slått av eineståande Kragerø i sør med 16,4 prosent. I nokså mange kommunar var det etter valet ikkje mulig å komme forbi Rødt om Ap skulle vere sikra ordførarvervet. Da Bjørnar Moxnes kommenterte ei meiningsmåling i Oslo våren 2018 som ga Rødt 8,8 prosent etter vellykt arbeid på Stortinget, sa han at Oslo endelig var komme opp på nord-norsk nivå!


Det er neppe dristig å hevde at særlig søppelskandalen i Oslo våren 2017 bidrog sterkt til å gi Rødt stortingsplass. Paradoksalt nok ga by-parlamentarismen i Oslo Rødt politisk innverknad som «støtteparti», men partiet fikk på same tid ein avstand til den lokale makta som Rødt i Tromsø ikkje hadde da dei stod i brodden for å avskaffe det same systemet.

Denne skilnaden kan vere ein av grunnane til at Oslo løfta seg – og mykje av landeti siste stortingsval, mens Rødt i Tromsø og Troms fall ekstra mykje også jamført med fylkesvalet to år før.


Eit tredje eksempel på tråd mellom den lokale situasjonen og det nasjonale nivået er Nesodden, som fikk landets beste resultat for Rødt i stortingsvalet i lag med Oslo. Her brukte Rødt erfaringane med den lokale koalisjonen av AP og Høgre på Nesodden for å få fram dei rikspolitiske skillelinjene.


Rødt Rana, som var i budsjettsamarbeid med Ap og SV, greide likevel å bruke rommet som opna seg ved at Ap og SV gikk inn for sentralisering av skolar for å spare – og samtidig brukte store summar av kommunale fond til ny flyplass. Det er alltid lettare å gå fram frå eit veikt utgangspunkt. Men for første gong på lang tid fikk Rana eit bedre valresultat enn Bodø, som ved fylkesvalet i 2015 var 2,5 gonger større enn Rana i prosentvis oppslutning.


Parolen «Tenk lokalt når du stemmer sentralt» blei reist av folk utafor Rødts rekker.

Omvendt tabba Rødt Bodø seg ut ved å stø eit budsjett som ga sterk og usosial auke i eigedomsskatten. Og i forsøket på å korrigere linja stod ikkje Rødt løpet ut da dei fram mot valet gjorde manglande overføringar frå høgre-regjeringa og staten til hovudsak i debatten om den lokale eigedomsskatten. På dette grunnlaget stilte lokale representantar for Rødt opp i lag med Ap i tv-debattar. Ramma og «dramaturgien » gjorde at framifrå debattinnsats ikkje kunne hjelpe stort på inntrykket av Rødt som Aps partnar i skattepolitikken.

BROTT I SAMARBEIDET I BODØ




Så opplevde vi før sommaren 2018 at Ap likevel sa opp samarbeidsavtalen med Rødt i Bodø, og fikk SV, Sp og MDG med på det. Den utløysande årsaka var at to av Rødts representantar i bystyret offentlig hadde kritisert innhald og prosess da seks hundre tusen knappe kulturkroner blei sett av til å importere ein internasjonal kjent fotokunstnar for å «profilere» Bodø som kandidat til å bli europeisk kulturhovudstad gjennom foto av nakne bodøværingar. Da hadde det lenge ulma i kulturmiljøet over manglande kommunal satsing

på lokale kulturytringar. Rødt Bodø svarte på utstøytinga med at Ap hadde pressa gjennom ei form for kvasiparlamentarisme i Bodø, der dei store debattane blir tatt på bakrommet mellom samarbeidspartia fjernt frå innbyggarane. Etter at konsekvensane for folk av modellen for eigedomsskatten blei klar våren 2016, foreslo Rødt Bodø tre grep for å lette trykket for noen av dei gruppene som blei hardast ramma. Forslaget blei sett fram offentlig, sånt gikk jo ikkje an! Men tennerskjerande måtte Ap gå med på å heve botnfrådraget noe, og stemme for å greie ut om skattetakstmodellen,som er i bruk for eksempel i Oslo, vil gi ei meir rettferdig fordeling. Men da Rødt ville minne om dette i budsjettetvedtaket for 2018, la Ap ned veto. Her gikk grensa for å fremme eigen politikk!


Ein langvarig kamp for å berge dei store Rønvik-jordene rett ved bykjerna frå nedbygging, såg ut til å vere vunne etter kommunevalet i 2015, fordi Ap snudde for å få MDGs eine og avgjørande stemme i ordførarvalet. Men som Rødt spådde da Ap braut samarbeidet med Rødt, braut partiet rett etter også samarbeidsavtalen om Rønvik-jordene og blei igjen ein del av dei såkalte betongkameratane av Ap, Høgre og Frp i denne viktige jordvernsaka. Etter dette hadde MDG fått nok og braut ut, mens SV i «god» tradisjon vedtok at dei trass i alt ville fortsette det organiserte samarbeidet for å ha ei hand på rattet om Rønvik-Jordene. Og Senterpartiet? Med pragmatismen som ideologisk grunnvoll følgte dei Ap!


Betyr eksemplet Bodø at samarbeidsavtalar for ein fleirtalsposisjon føre til avmakt heller enn makt? Nei. Samarbeidsavtalen i Bodø etter kommunevalet i 2015 betydde for eksempel at eit nytt tilbod for rus og psykiatri, som hadde stått tomt etter ferdigstillinga, raskt blei tatt i bruk. Det var Rødts viktigaste sak i valkampen. Byutvikling og utbyggingssaker var derimot unntatt frå samarbeidsavtalen, med unntak av Rønvik-jordene.


Da Synne H. Bjørbæk frå Rødt var valt til varaordførar i Bodø, trykte Avisa Nordland kommentaren «Vaktbikkje med lebestift». Men det viste seg ikkje uventa at Bjørbæk hadde skarpe tenner bak leppene. At varaordføraren har halde ein høg profil i den politiske debatten, som mot hotellkongen Buchardts planar for eit tårnhotell på Bodøs utkikkspunkt Turisthytteplatået, har nok falle Ap svært tungt for brystet.

FOLKEVALTE ORGAN OG MOTMAKTA




For å skjelne mellom gode og dårlige kompromiss i eit fleirtalssamarbeid, kan det vere nyttig å bruke motmaktkriteriet: Vil det aktuelle tiltaket styrke folks motmakt mot mindretalsinteresser, statlig høgrepolitikk og imperialistiske krefter utafor landet – eller vil effekten vere motsett?


Avhengig av styrken i rørslene utafor kan folkevalte organ som kommunestyre eller fylkesting fungere som del av motmakta. Kommunestyra i Trondheim og Tromsø med Ap på laget, går inn for lokal boikott av varer frå palestinske område okkupert av Israel. Fylkestinget i Finnmark er per dato ein del av motmakta mot sentraliseringskåt høgrepolitikk.


Det same var mange kommunestyre da kommunereforma blei pressa gjennom, mens andre fall til fote uten kamp. Eit vilkår for å bidra til motmakta, er nok også at formannskapsmodellen blir tatt på alvor. Ofte blir begrepet «posisjonen» brukt som det er ei slags lokal regjering, med den innskrenkinga i politisk sjølstende for partia som lett følger med. Faren for å bli gissel også

i fleirtalssamarbeid lokalt er uansett stor, for eksempel ved å bli ansvarlig for usosiale kutt i budsjettsamarbeidet. Den dagen mobilisering i lokalsamfunnet blir eit problem for eit sosialistisk parti, er det iallfall på tide å bryte ut og finne vegen tilbake til alliansen med motstandsrørslene.

Å delta i lokale by- og fylkesregjeringar (by- og fylkesråd) verkar allment å vere i strid med ein motmaktstrategi. Vi har vore inne på før: At Rødts står utafor byregjeringa i Oslo, samtidig som partiet er ein del av fleirtalet, er kanskje noe av forklaringa på Rødts gjennombrott som riksparti fordi det gjorde avgjørande og synlige initiativ mot søppelskandalen våren 2017 mulig. Den frie stillinga på Stortinget har ikkje ført Rødt inn i «skyggenes dal» der Hanna Kvanmo frykta SV ville hamne etter høgre-sigeren og Kåre Willochs første regjering i 1981. Tvert om har Rødt utnytta si uavhengige stilling til å sette premissane, med fjerninga av Listhaug frå regjeringa som det mest synlige eksemplet. Dei andre i opposisjonen, også SV, var i utgangspunktet mot Rødts initiativ for mistillit mot Listhaug.


Ein medveten og fleksibel motmaktstrategi er nødvendig for å nå særlig arbeidsfolk som står under innflytelse av dei pro-imperialistiske leiarane i Ap og Frp. Særlig overfor Ap må samarbeid og kamp veksle ut frå situasjonen og ikkje minst styrkeforholdet mellom ulike linjer i fagrørsla og i Ap. Å legge seg for tett opp til Ap generelt, vil ikkje minst vere ei gavepakke til Frp. Rødts oppgave er ikkje å gjenreise sosialdemokratiet, men å vinne folka som soknar dit for klassesolidaritet, internasjonal solidaritet og ein antiimperialistisk fredspolitikk. At Ap er komme ut med full støtte til Høgres undergraving av basepolitikken frå femtitalet og for permanente USA-basar på norsk jord i fredstid, gjør ikkje dette mindre nødvendig. Kampen mot kraftkablane til utlandet og tilslutning til EUs energibyrå Acer illustrerer det same poenget. Her blei den EU-lojale leiinga i Ap eit godt stykke på veg isolert frå viktige delar av kjerneproletariatet i den kraftkrevande industrien, som mobiliserte i sine fylke og opplevde Rødt som eit sterkt talerøyr på Stortinget.


To element i ein motmaktstrategi er politisk avstand til dei reelle maktsentra og mobilisering av folkelige krefter nedafrå. Ein slik strategi er også til gagn for det offentlige, demokratisk ordskiftet og utviklinga av politiske alternativ til den førte politikken. Den bidrar slik til å forsvare eller utvide grensene for demokratiet også på kort sikt. Som før nemnt er organisasjons- og samarbeidsformer middel i ein strategi, for å nå eit mål. Ettersom målet er eit sosialistisk samfunn med eit langt meir avansert demokrati og større folkelig deltaking enn i dagens system, er det også samsvar mellom mål og middel i denne strategien.

RØDT OG FRAMTIDAS ORGANISERING




Heller ikkje dagens Rødt er det endelige svaret på spørsmålet om organisering av venstrekreftene. Ikkje minst må politisk aktive på venstresida få gjøre sine eigne erfaringar og trekke sine eigne slutningar. Ulikt syn på strategi må ikkje stå i vegen for samarbeid og aksjonsfellesskap, også mellom partia. Felles fora for debatt om strategiske linjer og om historiske og samtidige erfaringar bør komme. Men skillet mellom å søke makt på kapitalens premiss og å bygge motmakt gjennom mobilisering nedafrå gjeld det politiske arbeidet her og no – og dreier seg ikkje om ein fjern «verdensanskuelse».


Og her er Rødt, nettopp fordi fordi partiet står i ein revolusjonær tradisjon, eit bedre utgangspunkt enn SV. Med sitt halvhjarta oppgjør med partiets tilslutning til Nato-krigane mellom 1999 og 2011, sin lett justerte regjeringsstrategi og årelange lokalpolitiske praksis på Aps premissar i alt for mange kommunestyre og fylkesting, har SV fleire handikap enn Rødt. Om Rødt skal kunne tilføre den framtidige organiseringa på venstresida noe av verkelig verdi, må partiet forstå og foredle sine sterke sider. Og heller utvikle seg ut frå sine særpreg enn å risikere og tape fotfeste i jakta på modernisering og ein meir lekker fasade. Både beinskjørheit og ungdomssløvsinn er ein trussel mot Rødt revolusjonære sjel.



Spørsmålet er heller: Korleis kan Rødts styrke si revolusjonære sjel og aktivisere nye og gamle medlemmer? Eit parti med langt fleire medlemmer skolert i marxistisk teori og samfunnsforståelse vil også kunne ha politisk tyngd til å prøve ut nye samarbeidsformer med andre parti, også valsamarbeid. Men der er vi ikkje i dag.





No comments: